Vurderer å anmelde mobbing og trakassering
I formannskapsmøtet onsdag tok både ordførar Hugo Pedersen og varaordførar Annett Ranes eit oppgjer med usakleg debatt, mobbing og trakassering i sosiale media.
Ordførar Hugo Pedersen tok ordet i formannskapsmøtet for å snakke om diverse mykje omtala innlegg og kommentarar i sosiale media i løpet av dei siste dagane.
– Som de sikkert har fått med dykk, så føregjekk det noko på Facebook i helga, innleda Pedersen.
KI-animert video frå anonym person
Ordføraren sa at han sjølv ikkje er så aktiv på Facebook, men at andre følger litt med for han. På fredag fekk han varsel om mellom anna nokre bilde som angjekk ordføraren. Han tenkte ikkje å bry seg så mykje om det, men på laurdag fekk han ein telefon frå Tidens krav, men spørsmål om han var klar over at ein KI-animert video av han var lagt ut anonymt i ei lokal Facebook-gruppe * (sjå forklaring nedst i artikkelen). Pedersen sa at han blir framstilt som ein svært ond person i denne videoen. Fleire hadde allereie prøvd å stoppe videoen, men det hadde ikkje latt seg gjere.
Den kvelden ringte Pedersen politiet, og fekk forklart frå vakthavande på operasjonssentralen at ei handling som dette både er ulovleg og straffbart.
– Heilt uakseptabelt!
Vidare sa Pedersen at han er er hardbarka kar, og at han toler det meste, av både skitkasting og revy-parodiar. Han sa at han står øverst på toppen, og der bles det så øyrane flagrar. Og det går bra. Men det som foregjekk i helga, med den KI-animerte videoen og diverse andre innlegg på Facebook, både om han sjølv og andre, det karakteriserer han som mobbing og trakassering.
– Slik skal vi ikkje ha det i Surnadal. Det er heilt uakseptabelt! Vi skal snakkes fint om folk, og vi skal ha ein god debatt, slo han fast.
Ordføraren har henta ut mykje av det som har vore skreve om han, og kanskje også om andre, på Facebook i løpet av dei siste dagane. Dette har han leverte til politiet. Han sa også at han vurderer å anmelde det.
Pedersen påpeika óg at media har eit stort ansvar. Det media skriv kan også trigge uønska kommentarar. Så dette handlar ikkje berre om kva som står på Facebook, men óg om det som står i kommentarfelta i redaktørstyrte media.
Undergrev demokratiet
– Dette går på min person, men det går også på rekruttering til politisk aktivitet, sa ordføraren.
Han understreka at det blir advart mot at slike innlegg og kommentarar er med på å undergrave og svekke demokratiet. Vidare påpeika Pedersen at det ikkje er så mange land i verda som har demokrati, og at det å undergrave demokratiet, svekke oss og hindre oss i å bygge styrke, er ei form for krigføring.
– Men vi skal bygge styrke ved å stå imot slik skitkasting, blant anna på Facbook og i kommantarfelta til avisene. Derfor vurderer eg å anmelde, for å markere at dette finn eg meg ikkje i, og eg synest ikkje at nokon skal finne seg i det, sa han, og heldt fram:
– Eg har sagt mange gonger at døra til ordføraren står open, og det går an å snakke med ordføraren. Og det som skjedde i helga, det handla om eit juletre...
Dei vaksne er verst
Pedersen dro fram eksempel på kommentarar der nokon truer med å gi han juling, sende han tilbake til Trøndelag, og at han er uønska i Surnadal.
– Eg toler det, men det sårar meg frykteleg, og det er heilt uakseptabelt, sa han.
Ordføraren har også merka seg at ungdom har reagert på kommentarane, og at fleire av dei har sagt at dei har ønska å ta til motmæle.
Vidare påpeika han at det stadig blir oppfordra til mindre mobbing, og at ein skal vere gode forbilde. Og så er det faktisk vaksne som driv med den verste mobbinga, både av politikarar og av tilsette i kommunen.
– Dei som skriv slike ting må skjemmast! Eg ber om at det tar slutt, sa Pedersen.
Må skille mellom argumentasjon og skitkasting
Varaordførar Annett Ranes (Ap) tok også ordet. Ho påpeika først at ho og ordføraren ikkje alltid er enige, korkje i sak eller prosess. Ho sa at politikk handlar om å vere uenige, i sak og retning. Ordskiftet mellom politikarane, og i sosiale media, har det vore snakka om tidlegare frå denne talarstolen, sa Ranes. Ho understreka at politikarane må kunne fronte og argumentere for vala sine, og for ulike meiningar. Men dei må også klare å skille mellom sak og person, og mellom argumentasjon og skitkasting.
Varaordføraren sa at demokratiet vårt er avhengig av at også innbyggarar ser forskjell på meiningsytringar og det å gjere narr av nokon. Terskelen over til hets, trakkassering og truslar skal ein ikkje vere husvarm med, sa ho. Vidare sa Ranes at ho følte at det gjekk over ein slik terskel i helga. Ho viste til ulike innlegg i sosiale media, der nokre var anonyme, og den KI-animerte videoen, som ikkje hadde noko med sakleg meiningsytring å gjere.
– Eg har bedt om å få kome opp og seie noko om dette, for eg føler at vi må vise at ein plass så går det ei grense, sa ho, og heldt fram:
– Vi må kunne seie noko for å skjerme oss og ta vare på oss sjøl som politikarar, men aller viktigast er det å sørge for at vi ikkje gradvis godtar eit ordskifte og handlingar som gjer det meir vanskeleg å finne framtidas lokalpolitikarar blant oss.
Ti tomlar opp for ny facebookgruppe
Varaordføraren avslutta med å seie at ho er umåteleg glad for at kommunen også har innbyggarar som på ein ryddig og sakleg måte tok til motmæle. Ho ga ti tomlar opp til Silje Ranes, for initiativet til å starte Facebook-gruppa "Framsnakking i Surnadal, Rindal og Halsa". Annett Ranes sa at denne Facebook-gruppa hadde over 900 medlemmar tysdag kveld, og ho oppfordra dei i salen som ikkje allereie var medlemmer i gruppa om å melde seg inn i løpet av dagen.
Facebookgruppa "Framsnakking i Surnadal, Rindal og Halsa" har i skrivande stund passert 1100 medlemmar (red. anm.)
* Den nevnte videoen kom i etterkant av at juletreet som vart sett opp av ungdom ved kulturhuset om natta for ei veke sidan vart fjerna av kommunen. Den KI-animerte videoen forestiller ordføraren som kastar eit juletre, og at filmfiguren Grinchen (som stal jula) dukkar opp bak han. (red.anm.)
--
Trollheimsporten kjem tilbake med meir frå dette formannskapsmøtet.
Sjå heile møtet i opptak på Kommune-TV: