Et juletre og en lysglobe foran et stort trebygg. Is og snø.
Vakkert eller skjemmande...?

Juletre skapar usemje i Surnadal

Ein gong i løpet av natt til torsdag har "nokon" klart å plassere eit stort ferdigpynta juletre på plassen ved kulturhuset i Surnadal. Dette har skapt diskusjon i sosiale media. Mange meiner at juletreet bør få stå, medan andre meiner at det øydelegg heilheitsinntrykket på kulturhusplassen, med den nye lysgloben.

Publisert Sist oppdatert

For ei veke sidan var det lystenning med stort oppmøte på kulturhusplassen. Den nye vinterbelysninga, sponsa av næringslivet i kommunen, vart tent. Etter dette har lysgloben, forma som ei juletrekule, vorte ein aldri så liten attraksjon på Skei.

Feil at kommunen ikkje har råd til juletre

I samråd med initiativtakaren Surnadal næringsforening, har Surnadal kommune kome fram til at de ikkje ville sette opp juletre ute på kulturhusplassen i år, fordi dei meinte at det ikkje passa saman med vinterbelysninga. 

Det spreidde seg eit rykte om at kommunen ikkje hadde råd til å sette opp juletre, men dette har kommunen avkrefta. Grunngjevinga for at ein valgte bort juletre i år er heilskapsinntrykket.

I sosiale media har mange argumentert for at juletre på kulturhusplassen er tradisjon, og at det bør settast opp juletre uansett, men andre meiner at eit juletre vil skygge for den flotte lysgloben og øydelegge heilskapsinntrykket. 

Eit mysterium

I løpet av natt til torsdag har nokon klart å sette opp eit stort juletre, ferdig pynta med batterilys, på kulturhusplassen. Det kunne vi lese i Driva torsdag morgen. 

Næringskonsulent Harald Bredesen i Surnadal kommune seier til Trollheimsporten at treet er såpass stort at dei som sette det opp må ha brukt traktor eller liknande køyretøy. Det er framleis eit mysterium kven som har sett opp treet.

Et juletre og en lysglobe foran et stort trebygg. Is og snø.

Usikkert om treet får stå

Bredesen seier at kommunen ikkje har teke avgjerd enno, om juletreet skal få stå, eller om dei vil ta det ned. Treet står ikkje i vegen, og det er for så vidt fint, seier Bredesen, men begge delar er kanskje i meste laget framom kulturhuset. Treet får i alle fall stå til noko anna er bestemt.

Kommunen har forsikra seg om at treet står stødig, slik at det ikkje er fare for at det veltar over lysgloben med det første. Julekuler er som kjent skjøre, påpeikar Bredesen, så det må ein passe på.

Powered by Labrador CMS