Formannskapsmøte i Surnadal
Sender budsjettreguleringa direkte til kommunestyret
Tysdag ettermiddag var det møte i formannskapet i Surnadal. Tertialrapport for andre tertial og budsjettregulering var blant sakene på agendaen.
Kommunedirektør Lars Inge Kvande og økonomisjef Vibeke Langli la fram dei to økonomi-sakene for formannskapet. Rapporten viser at einingane har eit samla meirforbruk på 6,6 millionar kroner. Årsaker til meirforbruket er mellom anna uforutsette utgifter på lovpålagte tenester, reduserte inntekter på eigedomsskatt (m.a. p.g.a. Statnett-saka, som er omtala i denne artikkelen frå september i år) og kraftig reduksjon i inntektene på konsesjonskraft. Kommunen har eit negativt netto driftsresultat på omtrent 9,9 millionar kroner etter andre tertial. Prognosen pr mai 2025 viser at det kan bli eit meirforbruk på om lag 19 millionar kroner ved slutten av året, inkludert 5 millionar kroner i tilbakebetaling til Statnett.
Økonomisjefen påpeika at det pr august er sett i gang fleire innsparingstiltak som vil få verknad i tredje tertial, men enno er det vanskeleg å sjå akkurat kort stor effekt desse tiltaka vil ha fram mot årsskiftet. Formannskaper vedtok einstemmig å ta tertialrapporten til orientering.
I saka om budsjettregulering gjekk det fram at summen av budsjettregulering på drift i kommunedirektøren si innstilling er på 5 millionar kroner i minus. Kommunen har ikkje lenger midlar på disposisjonfond, derfor var dette beløpet foreslått "finansiert" som udekka meirforbruk, altså eit negativt beløp på fondskonto som må dekkast inn seinare. I møtet vart det diskusjon om kommunen faktisk har lov til å vedta ei budsjettregulering som fører til ei auke i udekka meirforbruk.
Jorid Aarvåg (Ap) påpeika at når kommunestyret vedtek eit budsjett i desember, så skal det budsjettet vere i balanse. Da kan ho ikkje forstå at det er lovleg å gjere ei budsjettregulering med udekka meirforbruk. Ho sa at ho vil vere heilt sikker på at dei vedtaka som blir gjort er rett.
– For meg som politikar vil eg påstå at det verste eg kan gjere er å vere med på eit vedtak som gjer at vi bli innmeldt på ROBEK tidlegare enn vi må, sa ho.
Etter dette la formannskapet fram følgjande felles forslag:
Formannskapet ønskjer saka utgreid og lagt fram på nytt til førstkomande kommunestyremøte. Dette med bakgrunn i usikkerheiter som kom fram i møtet.
Dette vart einstemmig vedteke.
Formannskapet hadde óg gruppearbeid om nye retningslinjer/vedtekter for næringsfondet. Formannskapet gjorde vedtak om at dei ber administrasjonen ta med seg innspela frå gruppearbeidet inn i arbeidet med nye
retningslinjer/vedtekter for næringsfondet.
Sjå opptak frå møtet på Kommune-TV: