Kommunestyremøte i Surnadal:

Slit framleis med meirforbruk
Torsdag denne uka var kommunestyret i Surnadal innkalla til ein halv dags møte som hovedsakeleg besto av orienteringar, med nokre få referat- og utvalssaker på dagsorden. Kommunedirektøren og økonomisjefen orienterte mellom anna om økonomisk status i kommunen.
Heile møtet kan ein sjå i opptak på Kommune-TV, på Surnadal kommune si heimeside.
Dagleg leiar i Trollheim AS, Knut Ulset Bævre, orientering om den planlagte fusjonen med Varde AS. Surnadal kommune har ein stor eigarandel i arbeids- og inkluderingsbedrifta Trollheim AS.
Kommunedirektør Lars Inge Kvande orienterte om fleire viktige saker, og om økonomistatus i kommunen. Han varsla mellom anna at han vil informere om ny leiarstruktur i kommunen på neste kommunestyremøte.
Krevjande situasjon i PPT
Dei siste dagane har det vore ein del oppslag i media om PPT Indre Nordmøre, som er eit kommunalt samarbeid mellom Surnadal, Rindal, Sunndal og Tingvoll. Lokalavisa Driva har omtala dette i flere artiklar (pluss-sak). Onsdag denne veka fekk driftsutvalet i Rindal kommune ei orientering om saka, og torsdag heldt kommunedirektøren ei kort orientering om det for kommunestyret i Surnadal.
Bakgrunnen for saka er, kort oppsummert, at PPT (pedagogisk-psykologisk tjeneste) i Surnadal og Rindal vart slått saman med PPT i Sunndal og Tingvoll frå 1. august i fjor. I ettertid har det vist seg at ikkje alle partar var klar over kor stort etterslepet av saker hos PPT i Sunndal og Tingvoll var da tenestene vart slått saman. Litt over eit år etter samanslåinga har talet på saker som står på vent i Sunndal og Tingvoll, ifølge Driva, berre auka. Kommuneleiinga i dei fire kommunane har no innsett at det er behov for sterkere tiltak enn det som har vore prøva tidlegare, for å få ned ventelistene. Derfor set ein no i gang to tiltak. PPT omprioriterar bemanninga og fokuserer på arbeid med saker fra ventelista i Sunndal og Tingvoll i tre månader. I tillegg vert det tilført ekstra midlar til ein rådgjevar i 100 prosent stilling ut året. Denne kostnaden skal dekkast av Tingvoll og Sunndal kommuner. Dersom det oppstår særleg viktige saker i perioden så vil dei bli tatt tak i.
– Eg skal ikkje gå i detaljar no, men slik eg har forstått det så er dette ei sak som også kontrollutvalet i kommunen ønskar å bli orientert nærare om. Det er også naturleg at kommunestyret blir orientert meir detaljert enn eg kan gjere no, sa Kvande, og heldt fram:
– Det eg kan seie no er at situasjonen blir opplevd som krevjande. Vi må både løyse dei kortsiktige utfordringane, og vi må evne å sjå over den bakketoppen som vi står i no.

Stenger bassenget
Kommunedirektøren opplyste at det no er planlagt å stenge bassenget frå haustferieveka, 6. oktober, og ut året. Plana er å opne bassenget att for å tilby lovpålagt svømmeopplæring i løpet av første halvår neste år.
Økonomisjef Vibeke Langli orienterte kommunestyret om status på økonomien i kommunen. Eit såkalla "augeblikksbilde" frå 14. august, der ikkje alt er ajourført, viser eit samla meirforbruk på om lag 3,2 millionar kroner. Einingane i kommunen har eit samla mindreforbruk på om lag 665.000 kroner, så avvik kjem i hovudsak frå dei sentrale inntektene og kostnadane. Integreringstilskotet er om lag 4,3 millionar kroner mindre enn budsjettert i år. I tillegg er verdigrunnlaget på vasskraftanlegga i Folldalen redusert, og gir mindre eigedomsskatt-inntekt til kommunen enn det som var budsjettert.
Økonmisjefen orienterte om kutt som er gjort og blir gjort i dei kommunale utgiftene, som kutt i kantslått, kutt i årsverk på SUBUS, i vaksenopplæring og integrering, i Midtigrenda barnehage og på Todalen og Stangvik oppvekstsenter. Denne hausten tek ikkje kommunen inn LIS1 lege, slik dei har gjort tidlegare, men no er alle fastelegestillingane fyllt opp. Fleire einingar leiger no ikkje inn vikarar ved fråvær. Ein god del fleire innsparingstiltak er vurdert og blir gjennomført.
Krav om tilbakebetaling frå Statnett
Økonomisjefen orienterte óg om eit krav som kommunen har fått frå Statnett, som gjeld eigedomsskatt på grunn under kraftliner. Ho forklarte at denne saka starta i 2019. Den forkorta versjonen av historikken er at det tidlegare var praksis at Statnett betalte eigedomsskatt for grunn under kraftlinene. Ein dom frå lagmannsretten i 2021 sier at Statnett ikkje lenger skal betale eigedomsskatt for dette. Statnett har sendt krav til kommunen om retting for åra frå 2020, med følgeeffekt fram til i dag. Det betyr at Surnadal kommune må betale tilbake minst 5,2 millionar kroner til Statnett, og at kommunen sine inntekter frå eigedomsskatt i åra som kjem blir omtrent ein milion kroner lågare enn budsjettert.
Kommunestyret behandla og nokre utvalssaker, mellom anna politisk reglement og delegeringsreglement for 2025 - 2028.