Formannskapet i Surnadal:
Økonomi- og handlingsplan er lagt ut på høyring
Onsdag denne veka var det formannskapsmøte i Surnadal. Her vart det vedteke å sende økonomi- og handlingsplan for 2026 - 2029 ut på høyring. Ordføraren måtte tole hard kritikk for å ha utsett dette møtet på svært kort varsel.
Saksdokument og vedtak frå dette møtet finn ein på Surnadal kommune si heimeside.
Utsett på kort varsel
Dette formannskapsmøtet var opprinneleg sett opp 18. november, men ordføraren, i samråd med kommuneadministrasjonen, tok ei avgjerd om å utsette møtet til 3. desember. Denne avgjerda vart teke den same dagen som møtet skulle haldast, så beskjeden om utsetting kom med svært kort varsel. Fleire av formannskapsmedlemmane kom med hard kritikk mot ordførar Hugo Pedersen (Sp) for dette. Grunnen som vart oppgjeve for utsettinga var at det var ønskeleg med eit best mogleg talgrunnlag for ei eventuell investering i nytt helsehus. Dette ville ein ha betre oversikt over etter at vinnaren av anbodskonkurransen var presentert. Vidare var det eit ønske om å få jobbe med ein del vesentlege detaljar som måtte på plass før «netto lånebeløp» vart klart. Dette blir lagt til grunn for budsjettet for 2026 og elles ut i økonomiplanperioden fram til 2029.
Ordføreren tok ordet i formannskapet og forklarte kvifor møtet vart utsett, og at dei var i innspurten på anbodskonkurransen for helsehuset den dagen formannskapsmøtet skulle haldast, altså 18. november. Vinnaren av anbodskonkurransen vart presentert i eit informasjonsmøte 2. desember. Avgjerda om utsetting vart altså gjort den same dagen som møtet skulle haldast. Ordføraren beklaga og ba om orsaking for at denne avgjerda vart teke på så kort varsel, og han sa at det kanskje kunne ha vore gjort annleis. Ordføraren har vorte kritisert for utsetjinga, som fleire meier er ulovleg. Han sa at dersom han har gjort ein feil, så skal han stå for det, men at avgjerda vart teke i samråd med administrasjonen, og at han der og da vurderte det slik at det var best å utsette møtet.
I strid med Kommunelova
Ole Joar Karlstad Bruset (H) tok ordet og påpeika at budsjettprosessen handlar om mykje meir enn berre helsehus. Det dukkar opp mange ulike spørsmål i ein slik prosess. Utsetjinga av møtet betyr at medlemmane av formannskapet har måtta vente to veker lenger for å få svar på desse spørsmåla. Bruset sa at når det gjeld å utsette eller avlyse eit møte, så er reglane klare. Det er den som vedtek når møtet skal vere som har myndigheit til å avlyse det. I dette tilfellet var møtet ein del av møteplana som er vedteke av kommunestyret, og da er det berre kommunestyret som kan avlyse det. Ordføreren kan avlyse eit møte, dersom han sjølv har bestemt at møtet skal arrangerast. Bruset sa óg at ein under ingen omstende kan avlyse eit møte etter at saklista er sendt ut. Derfor er dette brot på to punkt i Kommunelova.
Jorid Aarvåg (Ap) var minst like kritisk. Ho sa mellom anna at det er merkeleg at ikkje varaoordføraren var involvert i avgjerda, og merkeleg at ingen forsto at dette er eit brot på lova. Vidare sa ho at om ein ikkje bryr seg om lova, så kan ein i alle fall bry seg om tida, innsatsen og kompetansen til folk. Ein ting er at ein har forbredt seg til eit møte, men her skuvar ein på heile prosessen, og det synest ho er heilt uakseptabelt. Aarvåg la til at ho framleis ikkje forstår kvifor de var nødvendig å utsette møtet. Ho påpeika at ein million her og ein million der ikkje betyr noko når det gjeld ei investering for fleire millionar kroner, og at formannskapet har eit ansvar for heile kommuneøkonomien, ikkje berre heleshuset. Ho avslutta innlegget sitt med å seie at avgjerda om utsetting både var feil, med tanke på konsekvensane, og dårleg gjort mot formannskapet sine medlemmar.
Kommunedirektør Lars Inge Kvande fikk ordet, og sa at kommunestyret har bestemt at ordføreren i samråd med administrasjonen kan flytte møter. Til dette repliserte Ole Joar Karlstad Bruset (H) at Kommunelova er tydeleg på at lokale variantar av møtereglement ikkje kan vere dårlegare enn det som står i Kommunelova. Jorid Aarvåg (Ap) støtta dette.
– Alt tyder på at vi må innom ROBEK
Kommunedirektør Lars Inge Kvande innleda til saka om økonomi- og handlingsplan for 2026 - 2029. Han beskreiv saka som svært krevande. Kommunen dreg med seg eit udekka meirforbruk fra 2024 på 17,8 millionar kroner, og det ligg an til å ende med eit enda større udekka meirforbruk i år.
- Vi må vere ærlege på at alt tyder på at vi må innom ROBEK, sa Kvande.
Han påpeika mellom anna at det er få kommunar i fylket som har det økonomiske handlingsrommet som er anbefalt. Auka behov for kommunale tenester utfordrar kommunen sin tenesteproduksjon og skapar finasielle utfordringar.
Driftsbudsjett i null
Økonomisjef Vibeke Langli gjekk gjennom tala i plana, og foreslåtte rammer til dei ulike einingane. Økonomisjefen varsla mellom anna at det kjem ei sak om nedklassifisering av kommunale vegar, for å redusere kostnadane med ein million kroner. Det kjem og ei sak om auke av husleige i kommunale boligar, for å auke desse inntekene med ein million kroner.
Nedjustering av formuesgrunnlag på vasskraftverk gjer at inntekt av eigedomsskatt blir redusert med 3,65 millionar kroner.
Driftsbudsjettet som er lagt fram for 2026 går i null. Økonomisjefen minna om at det er gjort vedtak på at meirforbuket på 17, 8 millionar kroner frå 2024 skal dekkast inn i 2026. Ho sa at det må gjennomførast ytterlegare svært kraftige tiltak, dersom ein skal klare å gjennomføre dette. Prognosen viser at meirforbruket i 2025 kan bli på 20 millionar kroner. Økonomisjefen sa at dette betyr at ein nok må sjå i eit fireårsperspektiv for å få dekka inn meirforbruket.
Når det gjeld gebyr på vatn, avløp og feiing så varsla økonomisjefen at gebyra vil bli redusert med 6,41 prosent neste år. Det er fordi dette er eit sjølkostområde, og grunnen til prisreduksjon er at avskrivingstida på dei anlegga dette gjeld er auka.
Økonomisjefen orienterte óg litt om kostnader og gevinstar ved investering i nytt helsehus, som no er lagt inn i plana. Dette kan ein lese meir om i denne saka på Trollheimsporten.
Gammal og ny tiltaksliste
Kommunedirektøren gjekk gjennom status på dei enkelte punkta den etter kvart velkjente tiltakslista, samt ei liste med forslag til nye tiltak for vidare omstilling og nedtrekk. Desse tiltaka kjem i tillegg til dei tiltaka som er vedteke og gjennomført tidlegare, og som allereie er innarbeidd i budsjettet og økonomiplana for 2026 -2029. Kommunedirektøren ønsker at alle utval gir uttale på dei nye tiltaka, og eventuelt kjem med forslag om nye tiltak, i møtebehandling etter oppsett plan, før tiltaka eventuelt blir lagt inn i plana og budsjettet.
Dei nye innsparingsforslaga er å sette bygdebokprosjektet på pause etter bind 6, redusert møtegodtgjersle i politisk verksemd, vurdering av deltaking i interkommunalt politisk råd (Trøndelag SørVest), avslutte kantinetilbod og MOT-samarbeid på SUBUS, fleire digitale tenester på voksenopplæringa, vurdering av språkressurser, gruppedeling m.v. i oppvekstsektoren, flytte tilbodet om leirskule på Bjørnsund til Søvassli, og omstilling i reinhald. Med alle desse tiltaka kan det sparast opp til 5,1 millionar i 2026, og opp til 10,6 millionar pr år i åra etter. Dersom dette blir vedteke og lagt inn i plana, så kan kommunen vere ute av ROBEK att etter 2029.
Rådvill
Varaordførar Annett Ranes tok ordet og sa mellom anna at ho sjeldan har følt seg meir rådvill enn i dag.
– Vi kan ikkje fortsette å berre skuve ansvaret framom oss, sa ho.
Ranes la fram eit tilleggsforslag fra Arbeiderpartiet om eit nytt punkt 13:
Kommunestyret ber administrasjonen se videre på ressurs- og kompetansekartlegging i kommunen. Det bes om en utredning/gjennomgang av administrative ressurser samt fagstillinger i ulike sektorer/enheter i kommunen, hvor pleie- og omsorg prioriteres først. Det bør vurderes eventuelle muligheter for økonomiske innsparinger, og om ressurser og kompetanse kan brukes mer utadrettet i større grad, samt annen oppgavefordeling.
Ekstern prosessstøtte i kartlegging- og omstillingsarbeidet kan med fordel benyttes.
Utredningen legges fram for politikerne til orientering.
Dette tilleggsforslaget vart einstemmig vedteke.
Senterpartiet la fram eit par forslag om nye innsparingstiltak, men fekk ikkje fleirtal for dette.
Kommunedirektøren si innstilling til økonomi- og handlingsplan 2026 - 2029 vart einstemmig vedteke, men tilleggsforslaget frå Arbeiderpartiet. Innstillinga er no lagt ut på høyring fram til 17. desember.
Sjå heile møtet i opptak på Kommune-TV: