Formannskapet i Surnadal

Flere personer som sitter ved hvert sitt bord i en møtesal.

Innstiller på å løyve vidare støtte til alpinsenteret

Publisert

Tysdag skulle formannskapsmøtet i Surnadal mellom anna gjere vedtak om vidare eigarfinansiering av Surnadal alpinsenter AS. Saka går vidare til kommunestyret 2. oktober. 

Debatt om beløp og varigheit

Kommunedirektøren innstilte på at Surnadal kommune frå og med 2026 løyver eit årleg beløp på kr. 2.500.000,- som eigarbidrag til Surnadal Alpinsenter AS. Løyvinga/beløpet gjeld for fire år, til og med 2029.

Det vart debatt om saka i formannskapet, både om kor stor løyvinga skal vere og over kor lang tid. 

Høgre, ved Trond Håskjold, fremma forslag om ei løyving på 2 millionar kroner, berre for 2026. Dette forslaget vart sett opp mot kommunedirektøren si innstilling. Høgre sitt forslag fekk fleirtal med 5 stemmer, medan 4 stemte for kommunedirektøren si innstilling.

Senterpartiet, ved Gøran Bolme, fremma forslag om ei løyving på 2,5 millionar kroner, berre for 2026. Dette forslaget vart sett opp mot Høgre sitt forslag, Senterpartiet sitt forslag fekk fleirtal med 5 stemmer, mot 4 stemmer for Høgre sitt forslag.

Formannskapet si innstilling til kommunestyret vart dermed slik:

1. Surnadal kommune opprettheld eigarbidraget til drifta i Surnadal Alpinsenter AS på 2.500.000 kroner i 2026. Heile beløpet på 2.500.000 kroner blir finansiert ved bruk av næringsfond. 

2. Surnadal Alpinsenter AS må før 1. september 2026 legge fram detaljert driftsbudsjett og likviditetsbudsjett for 2027. Det må også vises konkrete oppnådde resultat/tiltak for å oppnå auka inntekter i form av et større regionalt kundegrunnlag, pakketering/samarbeid med andre aktører og videre arbeid mot kommersielle investorar på eigarsida.

Forlenger samarbeidet med nærbutikkane

Formannskapet vedtok og å forlenger samarbeidet med dei tre nærbutikkane i Bøfjorden, Bæverfjord og Todalen med tre nye år, 2025, 2026 og 2027, gjennom ein tenesteavtale med butikkane. Tenestene vil ha ei maksimal kostnadsramme på kr. 40.000,- pr år pr. butikk, og maksimalt kr. 100.000,- pr. år i samla kostnad. Dette blir og belasta næringsfondet.

Støtter ikkje vinterlys

Kommunedirektøren hadde innstilt på at kommunen løyver Surnadal Næringsforening og prosjektet «Vinterlys i Surnadal» ei støtte på kr. 450.000,- fordelt over tre år med kr. 150.000,- kvart år i åra 2025, 2026 og 2027. Også dette frå næringsfondet.

Forslaget fekk 4 stemmer, medan 5 stemte imot. Formannskapet vedtok altså å ikkje støtte dette prosjektet.

Sjå heile møtet i opptak på Kommune-TV:

Powered by Labrador CMS