Pensjonistforbundet Surnadal:
«Vi er ein ressurs!»
Onsdag denne veka inviterte Pensjonistforbundet Surnadal til første medlemsmøte i det nye året. Knapt 50 interesserte møtte opp til ei triveleg stund på Frivilligsentralen.
Annett Ranes heldt eit svært interessant foredrag over temaet «Eldre som ressurs». Ho var tydeleg på at vi er ein stor ressurs i samfunnet. Vi er kunnskapsrike og full av erfaring; ikkje minst når det kjem til praktiske ferdigheiter. Dette bør generasjonane etter oss få del i!
Essensen i det Ranes snakka om kan oppsummerast slik.
· Gå frå å snakke om eldrebølge til eldrekraft.
· Det er store utfordringar med tanke på demografisk utvikling.
· Vi har mykje – og kan få til mykje – i Surnadal.
· Den kunnskap og dei ferdighetar som eldre har vil vere viktige i beredskapen framover.