Pressemelding:

«Jul på Nordmøre» for 86. gong

Årets utgåve av tradisjonsrike «Jul på Nordmøre» er klar. Det er 86. gong at heftet kjem ut. Utgjevar er Nordmøre og Romsdal Ungdomslag.

– Heftet inneheld bidrag frå rundt tjue skribentar. Desse utgjer ei blanding av kjente og nye namn. Eg meiner vi også i år har klart å skape god breidde i innhaldet, seier leiar i skriftstyret, Lars Steinar Ansnes.

Han opplyser at interessa for heftet er stor.

– Det er artig å oppleve at eit produkt som dette står seg så godt i ein digital tidsalder. Når november kjem, begynner både lesarar og forhandlarar å spørre etter «Jul på Nordmøre». Det slår aldri feil, seier Ansnes.

Han fortel at det allereie har meldt seg skribentar som ønsker å bidra i neste års utgåve.

Forhandlarnettet er stort sett det same som tidlegare år. Det betyr at dei fleste nordmøringar ikkje treng å reise langt for å kunne kjøpe juleheftet.