ANNONSE: NMS Gjenbruk

NMS Gjenbruk Skei

Ser fram til god sommar hos NMS Gjenbruk på Skei

Vi kan no sjå fram til ein god og normal sommar i NMS Gjennbruk på Skei og det er tid for å kome med ny informasjon om oss sjølve. For ei stund sidan kom vi med opplysningar om at vi skulle ut av dei lokala vi har no innan første august. Denne datoen er no endra til 30.september. Fremdeles betyr det at hausten er svært usikker. 

Men vi skal no ha ein vanleg sommar. Da kjem det ofte mange turistar innom, og omsetninga brukar å vere god. Ekstra god grunn til å gle seg til kvar dag i butikken. 

No har vi bak oss ein periode med 50% på mange varer i mai. 

Frå i dag, onsdag 5.juni har vi normal drift. Måndag hadde vi utrydding av ein del varer,og mange nye varer kom inn i butikken. Vi har meir plass i butikken til klede. Møblar har vi i praksis slutta med, men vi seier ja til småmøblar som kan stå inne i butikken. 

I mai hadde vi også ein lapp på døra det det stod at vi midlertidig ikkje tok i mot varer. No er vi igjen klare for å ta imot både klede og andre varer. Men pga usikker framtid er vi nok forsiktige med å inn store mengder av varer.

Våre åpningstider er som før onsdag til fredag 12-16.30 og laurdag 12-15.

Vi ønsker våre kundar ein god sommar og tek med nokre foto av nokre små spennande brune ting. Det kan brukast i ein vanleg heim eller om nokon vil auke standarden på leikestua si.

Powered by Labrador CMS