Mjuklia 50 år

Mjuklia Gjestegård

Med hjerte for Mjuklia

For 50 år sidan vart det opna ein leirstad for Det Norske Misjonsselskap i Mjuklia på Berkåk. Mange frå Rindal og Surnadal har vore på konfirmantleir og annan leir på Mjuklia.

Publisert

Først heitte det Mjuklia Leirsted, så Mjuklia leirsted- og ungdomssenter, så Mjuklia Ungdomssenter. No heiter det Mjuklia Gjestegård og byr på leirar, selskapslokale, catering og overnatting.

Med hjerte for Mjuklia

Sjølve jubileet blir i sommar, men før den tid kjem det ei jubileumsbok med historia til Mjuklia og mange bilde frå arrangement opp gjennom åra.

Jubileumsboka «Med hjerte for Mjuklia» gjennom 50 år, 1971 – 2021 blir å få kjøpt på NMS Gjenbruk på Skei i løpet av våren.

Boka kan også bestillast ved å betale kr. 300,- pr. bok til 4270.18.46170 (Mjuklias Venner). Merk «Jubileumsbok» og namnet ditt. Dersom du vil ha boka tilsendt, kjem kr. 100,- i tillegg til porto, men bestilte bøker vil også kunne hentast på NMS Gjenbruk på Skei.

NMS Gjenbruk Skei er medlem av Trollheimsporten

Powered by Labrador CMS