Statsforvaltaren i Møre og Romsdal melder:
Oppstart av verneplanprosess for Bøkleppen naturreservat
Melding om oppstart av verneområde for skog i Fjord og Surnadal kommunar
Statsforvaltaren i Møre og Romsdal melder om oppstart av verneplanprosess for to nye naturreservat i fylket, i tråd med Naturmangfaldlova § 42.
Eit av skogsområda ligg ved Dyrkorn i Fjord kommune og er kalla Bjørkneset naturreservat. Det andre er kalla Bøkleppen naturreservat, og ligg i Surnadal kommune.
Områda ligg på privat grunn og er tilbydd etter ordninga med frivillig vern av skog.
Føremålet med vernet er å ta vare på biologisk verdfulle skogsmiljø og sikre dei for framtidige generasjonar. I desse områda er det naturverdiar knytt til frisk rik edellauvskog og kalk- og lågurtfuruskog.
I naturreservat er det forbod mot alle inngrep som kan endre naturmiljøet.
Vidare prosess
No i oppstartsfasen er det ønskeleg å få mest mogleg kunnskap og informasjon om bruken av området, samt kulturverdiar og anna som kan vere aktuelt å ta omsyn til ved utarbeiding av eit endeleg verneplanframlegg.
Innspel og merknader til denne oppstartsmeldinga kan sendast Statsforvaltaren i Møre og Romsdal. Les meir på nettsidene til Statsforvaltaren i Møre og Romsdal.