14 tilbod i dei vidaregåande skulane blir ikkje starta - Elevane får no endre søknaden
Kompetanse- og næringsutvalet i Møre og Romsdal fylkeskommune vedtok einstemmig at 14 vidaregåande tilbod ikkje blir starta skoleåret 2026/2027. Grunnen er låge søkartal på studietilboda. For Surnadal vidaregående skole gjeld det vg2 Automatisering (Elektro og datateknologi), som ikkje blir starta til hausten.
I tillegg vedtok Kompetanse- og næringsutvalet at frå og med skoleåret 2027/2028 må alle studieførebuande klassar ha minst 19 søkarar, yrkesfag minst 6, og YSK-klasse minst 10. Utvalet meiner dette vil gi betre samsvar mellom søking, kapasitet og økonomisk berekraft i den vidaregåande skolen. Dette skriv Møre og Romsdal fylkeskommune på sine nettsider.
Færre søkar helse- og omsorgsfag
I møtet tysdag vart det peikt på at nedgangen i søking til helse- og omsorgsfag er særleg urovekkande, gitt framtidas behov for fagkompetanse. Samtidig vart oversøking til fleire program løfta fram som ei utfordring på grunn av avgrensa tilgang på læreplassar og utstyrskrevjande opplæring.
Debatten om yrkesfagleg påbygging, kapasitet og bedriftsmodellen fekk òg merksemd. Fleire politikarar uttrykte uro for at mange elevar brukar yrkesfagleg løp som veg til høgare utdanning, noko som påverkar tilgangen på læreplassar.
Dette må elevane gjere no
Alle elevane som har søkt eitt av tilboda som ikkje blir starta, blir varsla på SMS og e‑post. Dei får høve til å endre søknaden sin ved å kontakte Kompetanse- og næringsavdelinga fram til 20. mars kl. 23.59.
Det er 35 elevar av til saman 9.092 som er råka av tilbod som ikkje blir starta opp, og som får no tilbod om å endre søknaden sin.
Desse tilboda blir ikkje starta
- Surnadal vgs. – vg2 Automatisering (Elektro og datateknologi)
- Hustadvika vgs. – vg1 Teknologi- og industrifag, yrkes- og studiekompetanse (YSK)
- Rauma vgs. – vg2 Elenergi og ekom (Elektro og datateknologi)
- Rauma vgs. – vg2 Helsearbeidarfag (Helse- og oppvekstfag)
- Romsdal vgs. – vg2 Blomsterdekoratør (Frisør, blomar, interiør og eksponeringsdesign)
- Haram vgs. – vg2 Helsearbeidarfag (Helse- og oppvekstfag)
- Stranda vgs. – vg2 Helsearbeidarfag (Helse- og oppvekstfag)
- Sykkylven vgs. – vg2 Barne- og ungdomsarbeidarfaget (Helse- og oppvekstfag)
- Borgund vgs. – vg1 Helse- og oppvekstfag, velferdsteknologi (Helse- og oppvekstfag)
- Borgund vgs. – vg2 Datateknologi og elektronikk (Elektro og datateknologi)
- Borgund vgs. – vg2 Helsearbeidarfag, velferdsteknologi (Helse- og oppvekstfag)
- Borgund vgs. – vg2 Bilskade, lakk og karosseri (Teknologi- og industrifag)
- Borgund vgs. – vg3 Dataelektronikarfaget (Elektro og datateknologi)
- Ørsta vgs. – vg2 Treteknikk (Bygg- og anleggsteknikk)
Gir større handlingsrom
Vedtaket frigjer ressursar til å opprette fleire klassar der søkinga er høg, heiter det i pressemeldinga frå fylkeskommunen. Fylkeskommunedirektøren peikar på at tilbod med svært låg oppfylling er kostnadskrevjande og svekker økonomien for alle dei vidaregåande skolane.
Berre tre søkarar til vg2 Automatisering
Grunnen til at vg2 Automatisering (Elektro og datateknologi) ved Surnadal vgs. ikkje blir starta, er at dette tilbodet hadde berre tre søkarar i år, og minimuskravet for å starte ein slik klasse er seks elevar. Les meir om søkartala til Surnadal vgs. i denne artikkelen på Trollheimsporten.