Surnadal vidaregående skole
– Godt fornøgde med søkjartala til dei fleste tilboda
Onsdag offentleggjorde Møre og Romsdal fylkeskommune søkjartala til dei vidaregående skulane for skuleåret 2026/2027. Søknadsfristen gjekk ut måndag 2. mars.
Til trass for ein nedgang i talet på søkjarar til vidaregåande opplæring totalt, er interessa for fagopplæring og fleire yrkesfag sterke i Møre og Romsdal, skriv fylkeskommunen i si pressemelding.
– Vi er godt fornøgde med søkjartala til dei fleste tilboda våre. Spesielt stor/god søking har vi på vg1 studiespesialisering og vg1 teknologi og industrifag, sier Hilde Andersen, rektor ved Surnadal vidaregåande skole, til Trollheimsporten.
Påbyggklassen blir starta uansett
Tala viser at det er få søkjarar på vg2 automatisering.
For påbygg til generell studiekompetanse er oppfyllingsgraden på 76 prosent, men for påbygging til generell studiekompetanse etter oppnådd yrkeskompetanse er den berre 14 prosent. Desse to klassane blir sett under eitt, og det er derfor berre 17 av 28 plassar som er fylt opp. Det gir ei oppfyllingsgrad på omtrent 61 prosent, som er lågare enn politikarane sitt vedtak om 65 prosent oppfyllingsgrad for å starte opp ein klasse. Men i år er påbyggklassen sikra oppstart likevel.
Andersen forklarer at påbyggklassen uansett søkjartal vil bli starta i år, fordi det er politisk vedteke at Surnadal vgs. og Sunndal vgs. skal samarbeide om eit påbyggtilbod kommande skoleår, mellom anna ved hjelp av teknologi. Andersen påpeiker at det er viktig at det blir fysisk oppmøte i Surnadal, ikkje minst med tanke på trøndelagselevane. Påbyggklassen vil få delvis digital undervisning, i samarbeid med Sunndal vgs. Andersen sier at dei er spent på korleis det digitale samarbeidet vil fungere. Det beste er sjølvsagt undervisning med lærar fysisk i klasserommet, men her måtte ein finne nye løysingar, sier ho.
Politisk avgjerd 17. mars
Vidare seier Andersen at ein ellers enno ikkje veit ikkje kva klassar som blir starta og ikkje, Dette skal bestemmast av politikarane i Kompetanse- og næringsutvalet 17. mars.
– Det vi veit er at politikarane sjølv har vedteke grenser for oppstart, som er seks elevar i ein yrkesfagklasse og 65 prosent oppfyllingsgrad i ein studiespes./påbyggklasse, sier Andersen.
Det som skjer vidare er at fylket før 17. mars vil gjennomføre prøveinntak for å få oversikt over mellom anna om det er elevar på andre skular som ikkje har fått plass, og som heller vil få tilbod på ein anna skole (2. eller 3. ønske). Dette kan påverke søkartalet for dei ulike klassane som ligg til grunn for politisk vedtak 17. mars.
Dette er søkjartala til Surnadal vidaregående skole 2026/2027
15024 Surnadal vidaregåande skule
| Nivå | Programområdekode | Programområde | Tal klassar | Tal plassar | Søkarar | Oppfylling |
| 1 | BABAT1---- | Bygg- og anleggsteknikk | 1 | 15 | 6 | 40 % |
| 1 | ELELE1---- | Elektro og datateknologi | 1 | 15 | 10 | 67 % |
| 1 | HSHSF1---- | Helse- og oppvekstfag | 1 | 15 | 12 | 80 % |
| 1 | STUSP1---- | Studiespesialisering | 1 | 28 | 43 | 154 % |
| 1 | TPTIP1---- | Teknologi- og industrifag | 1 | 15 | 30 | 200 % |
| 2 | BATMF2---- | Tømrer | 1 | 15 | 6 | 40 % |
| 2 | ELAUT2---- | Automatisering | 1 | 15 | 3 | 20 % |
| 2 | HSHEA2---- | Helsearbeiderfag | 1 | 15 | 8 | 53 % |
| 2 | STREA2---- | Realfag | 0,5 | 14 | 10 | 71 % |
| 2 | STSSA2---- | Språk, samfunnsfag og økonomi | 0,5 | 14 | 11 | 79 % |
| 2 | TPPIN2---- | Industriteknologi | 1 | 14 | 12 | 86 % |
| 3 | ELAUT3---- | Automatiseringsfaget | 1 | 15 | 9 | 60 % |
| 3 | PBPBY3---- | Påbygg. gen. studiekompetanse | 0,75 | 21 | 16 | 76 % |
| 3 | PBPBY4YK-- | Påbygg gen studiekomp e/yrkeskomp | 0,25 | 7 | 1 | 14 % |
| 3 | STREA3---- | Realfag | 0,5 | 14 | 14 | 100 % |
| 3 | STSSA3---- | Språk, samfunnsfag og økonomi | 0,5 | 14 | 14 | 100 % |
| Totalt | 13 | 246 | 205 | 83 % |