Julegrantenning på Mo oppvekstsenter

På grunn av korona arrangert ikkje Mo skulekorps tradisjonell julegrantenning på Mo oppvekstsenter første søndag i advent i år. I staden vart julegrana tent i skuletida måndag 30. november, med juletonar frå Mo skulekorps med vikardirigent Erik Moen.

Publisert Sist oppdatert

Klementiner vart det også å få for ungane.

Hovudkorpset er få, men heldigvis har det kome mange aspirantar dei siste åra, noko som lovar godt. Er det fleire ungar i Øvre Surnadal og Rindal som har lyst til å bli med er det berre å melde seg på aspirantundervisninga til kulturskulen til våren. Korps er gøy!

Med helsing

Mo skulekorps
v/styreleiar Elin Moen Lysø

Powered by Labrador CMS