Jon Birger Drøpping (01.07.1937 – 25.04.2026)

Minneord Jon Birger Drøpping

Publisert

Det var med sorg vi mottok bodskapen om at Jon Birger har gått bort.

Jon Birger var den første rektoren ved Surnadal vgs. Han var med å etablere «Yrkesskole for kontor, og håndverk og industri» tilbake i 1971. Skolen skifta namn til Surnadal vgs i 1973-74. Jon Birger satt i rektorstolen i omlag 30 år. Han er den som i størst grad har forma skolen til det den er i dag.

Før Jon Birger starta som rektor på Surnadal vgs arbeidde han som lærar på Surnadal ungdomsskole. Han var aktiv politikar og satt i kommunestyre for Surnadal kommune. Banda til kommunen var slik tette. Det kom godt med, for samarbeid var ein avhengig av, da som no.

I dei 30 åra Jon Birger var rektor var skolen i stor vekst. Ved oppstarten samla skolen 30 gutar og 15 jenter. I perioden han var rektor auka elevtalet til over 300 elevar. Dette kom ikkje av seg sjølv. Jon Birger arbeidde hardt i det stille for å halde liv i skolen. Det var viktig for han med eit breitt tilbod, som famna flest mogleg av ungdommane. For å få til dette trengtest det gode rammer, det sørgja han for gjennom strategisk arbeid. Han var god til å trekkje i trådar og samarbeidde tett med «Fylket». Han tok gjerne ein telefon dit når han visste at avgjerder skulle takast. Det var altså kampar om økonomi og politikk den gongen som no, og ikkje minst var det kamp mellom skolane i regionen om å få opprette og behalde tilbod. Når Jon Birger skulle omtale rektormøta på den tida kalla han dei berre for «Indre Nordmøre hogg og slag».

Den som kjente Jon Birger skildrar han som nøktern og realistisk. Han var ikkje glad i oppmerksemd og likte ikkje å stikke seg fram. Og humor, det hadde han! Når sommarferien kom og elevar og lærarar forlot «åstaden», sa han ofte at «den beste tida på året er når det ikkje er elevar og pedagogar på huset, då er det arbeidsro».

Jon Birger var ærleg og redeleg, men var det noko han ikkje var samd i så kunne han protestere mot dette – gjerne i det stille. Røykeloven var han mellom anna ikkje særleg glad i. Denne trassa han, for i skuffa på kontoret stod ei askebeger godt plassert.

Jon Birger var ein god leiar. Han var snill og omtenksam, og ein kunne stole 100% på han. Og han slutta nok aldri å bry seg om skolen. Om ein møtte han på butikken etter at han vart pensjonist så spurte han allvei om korleis det sto til der oppe på «Brukjet».

Vi vil minnast Jon Birger som ein dyktig fagmann, grunnleggaren av Surnadal vidaregåande skole, som gjennom 30 år arbeide lojalt og målretta for skolen, dei ansatte og elevane.

Vi lyser fred over Jon Birger sitt minne. 

På vegne av Surnadal vgs og Møre og Romsdal Fylkeskommune,
Hilde Andersen, rektor

Powered by Labrador CMS