LESERINNLEGG:
Samarbeid om rovdyr
Ordførarar i Vestland, Innlandet og Møre og Romsdal har sett seg saman for å finne ei løysing på alle desse rovdyra dei tykkjer det er for mange av. Viss dette er ei god løysing for rovdyra, så er det på tide.
For ein del år tilbake fekk rovviltnemndene i Hedmark (region 5), Oppland (region 3) og Midt-Noreg (region 6) i oppgåve å finne ei god løysing for felles forvalting av rovdyr i dette området. Då rovviltnemndene drog heim, var området for rovdyra mindre. Med det tynne resultatet tok departementet tak. Fleire årlege samarbeidsmøte skulle til. Dessutan talde jerv i Nord-Trøndelag med når ein skulle finne ut om det var liv laga for jerven i Reinheimen
Jervane i Reinheimen finn få å date med, sjølv om det kan vere ein del fleire jervar enn planane seier - i Namdalen.
Det er bra at nokre sett seg saman, men før ein diskuterer kor mange færre jervar ein skal ha i nasjonen, bør ein bli samde om nokre grunnleggande fakta.
Når Stortinget har vedtatt at det skal vere minst 7 årlege ynglingar av jerv i den sørvestlege delbestanden (Noreg vest for E6 og sør for Trondheimsfjorden), kor mange jervynglingar skal det vere i tidlegare Oppland og i Møre og Romsdal?
Når departementet vil at dei jervane som skal vere i området skal halde seg i forvaltingsområdet for jerv, kva for jervar vil ein då jakte på: Dei som er i forvaltingsområdet, eller dei som er i prioritert beiteområde for sau?
Viss forvaltingsområdet for jerv skal minkast, kvar skal jerven få vere i fred?
Øystein Folden
Fylkessekretær, Naturvernforbundet i Møre og Romsdal