LESERINNLEGG:

Nynorsk er for alle!

Den 12. mai 1885 vedtok Stortinget å jamstille landsmål (seinare nynorsk) med dansk (seinare bokmål) gjennom «jamstillingsvedtaket». 139 år seinare er nynorsk eit nasjonalt språk som alle lærer i skulen. Målet til Norsk Målungdom og Noregs Mållag er å ufarleggjere det å skrive nynorsk for dei som sjeldan eller aldri gjer det, og å få sjå meir nynorsk rundt oss, særleg på plassar der vi vanlegvis ikkje ser nynorsk. Vi vonar alle medlemmar og lokale lag vert med på å spreie dei nynorske orda. Altså: Skriv nynorsk på nynorskdagen!

I år er 12. mai ein søndag som er kviledag for skular, aviser og andre institusjonar. Da kan de skrive nynorsk ein annan dag – eller mange andre dagar. 

Her er nokre tips som passar for dei fleste: 

➤ Skriv «Eg skriv nynorsk på #nynorskdagen» på X, Facebook, Snapchat eller Instagram. 

➤ Lik eller del nynorsk der du ser han. 

➤ Skriv nynorsk, les nynorsk, eller syng ein nynorsk song. 

➤ Kjøp ei vare på nynorsk. 

➤ Ønsk andre til lykke med nynorskdagen.

Lykke til!

Nordmøre Mållag v/ Ingrid Kjønnøy

Logoen til Nordmøre mållag
Powered by Labrador CMS