LESERINNLEGG:

KrF snakkar varmt, men det er Sp som leverer!
Landbruket er sjølve ryggrada i distrikta våre. I Møre og Romsdal er det ikkje berre ei næring, men ei livsform som held bygdene levande, sikrar arbeidsplassar og gir oss trygg mat på bordet.
Då KrF sat i regjering, var det mange gode ord om landbruket, men realiteten er at då KrF hadde landbruksministeren i Solberg-regjeringa, enda deira siste jordbruksoppgjer i 2021 med brot med begge faglaga. Tilbodet var langt unna det bøndene kravde, og langt unna det som trongst for å gi framtidstru i næringa.
Så kom regjeringsskiftet. Då vi i Senterpartiet tok ansvar vart kursen snudd. Det framleis mykje som må gjerast, men vi har levert dei største jordbruksoppgjera i moderne tid. På tre år har løyvingane over jordbruksavtalen auka med 67 prosent og vi har lagt fram ein opptrappingsplan for å tette inntektsgapet innan 2027.
Vi har gjenoppretta kornlagera, styrka beredskapen og satsa på auka sjølvforsyning. Vi har prioritert velferdsordningar for bønder, slik at det blir lettare å kombinera gardsdrift med familie og helse. Vi har lagt til rette for investeringar i små og mellomstore bruk, noko som er avgjerande for å sikre busetjing i distrikta.
Resultatet er at inntektsgapet mellom bønder og andre yrkesgrupper no er i ferd med å bli tetta, noko som aldri ville skjedd med KrF sine svake oppgjer. Med Senterpartiet sin politikk har det endeleg blitt framtidstru i landbruket igjen, og no nyleg kunne NTB melde om at det er ei «ungdomsbølgje» i norsk landbruk. I nyheitssaka peikar leiaren i AgriAnalyse på at gjennomsnittsinntekta per årsverk i jordbruket har auka med 61 prosent frå 2021 til 2025! Det viser at Senterpartiet sin politikk nyttar!
For oss i Senterpartiet handlar landbrukspolitikken ikkje berre om tal i eit budsjett, men om å sikre levande bygder i heile landet. I Møre og Romsdal betyr det at vi skal ha eit variert landbruk tilpassa dei naturgjevne forholda som er langs fjordar, fjell og ved kysten vår. Det er slik vi byggjer beredskap, tryggleik og framtidstru.
At KrF skal få store gjennomslag for landbruket i ei regjering med eit stort FrP, som står for noko heilt anna enn det vi i Senterpartiet står for, er heilt usannsynleg. Det har historia vist. KrF snakkar gjerne varmt om norsk landbruk, men det er vi i Senterpartiet som gjennomfører! Stem Senterpartiet for eit levande landbruk og gode lokalsamfunn i heile Møre og Romsdal.
Geir Inge Lien
Stortingsrepresentant Senterpartiet