LESERINNLEGG:

En mann med grått hår, i dress og slips.

Om å lit på folk

Publisert Sist oppdatert

Debatten om overgrepa til Hans H. har fått mange utslag. Somme er eg enig i, andre usamde med. Det er slik det plar vera. Men eg har lagt merke til nokre som har uttrykt tvil om ofra for overgrepa talar sant. Det meiner eg er grovt overfor menneske som har fått mykje av liva sine øydelagde av overgrep: å så tvil om at dei seier sanninga. 

I min ungdom - det er ei stund sidan - var det ingkvan som "skrytte på seg kvinnfolk". Dei trengte vel til det. Men eg trur ingen har glede av å skryte på seg å vera overgrepsoffer. Dei har kjent på skam, som vi ikkje må føre vidare med å mistru dei.

Kristian Ranes

Powered by Labrador CMS