LESERINNLEGG:

Eivind Hasle

Toppfotball og alkohol høyrer vel saman?

Samtidig som lokalpressa entusiastisk og raust gir PR for heimebrygging av øl (jf Driva 4/12-25) er enkelte parti og personar nasjonalt opptatt av å understreke at toppfotball og alkohol høyrer saman. For dei synest det nesten utenkeleg å nyte fotballopplevingar utan tilgjengeleg alkohol-servering.
Så når internasjonale fotballmeisterskap som t.d. OL arrangerer toppkampar med norsk deltaking samtidig som alkoholserveringa i Noreg er stengt, må sjølvsagt både alkohollovene i landet endrast og alkoholserveringa gjerast døgnopen. Internasjonaliseringa av toppidrett og fotball bør jo få alle til å sjå at dustete og gledesdrepande nasjonale restriksjonar mellom anna av omsyn til folkehelse og forsøk på skjerming av familieliv og barn, ikkje har nokon plass i eit fritt og næringsliberalt samfunn! 

Gode idrettsopplevingar er der sjølvsagt ikkje mogleg utan saman med alkohol. Det burde jo alle – ikkje berre FrP - forstå!

Eivind Hasle
6650 Surnadal

Powered by Labrador CMS