Berit Mogstad.

Mogstad med sterk pallplass i Norgescupen

Denne helga er det Norgescup i langrenn på Gålå, og Berit Mogstad frå Surnadal gjekk eit kjempeløp då ho fredag vart nummer tre på 10 km fri teknikk.

Løpet vart, ifølgje Langrenn.com, gjennomført med fire rundar a 2,5 kilometer på kunstsnøen på Peer Gynt stadion.

Strindheim IL-løparen vart berre slått av vinnaren, Helene Marie Fossesholm, og Karoline Simpson-Larsen.

VM- og NM-vinnar Fossesholm gjekk dei 10 kilometrane på 22.46,6, og var med det 11,2 sekund raskare enn Simpson-Larsen.

Mogstad på tredjeplass enda 21,2 sekund bak den doble juniorverdsmeisteren Fossesholm.

Etter 2,5 kilometer låg Berit Mogstad på 7. plass, og halvvegs i løpet hadde ho avansert til sjette. På det tidspunktet låg ho 17,8 sekund bak Fossesholm, noko som betyr at ho berre gjekk fire sekund saktare enn vinnaren i siste halvdel av rennet.

Då 7,5 kilometer var passert hadde surnadalingen kjempa seg opp på 3. plass, og den plassen heldt ho heilt inn. På plassane bak Mogstad på resultatlista finn vi sterke namn, som Kathrine Harsem og Julie Myhre.

3. plassen var ei tangering av Team Elon Midt-Norge-løparen si bestenotering frå Norgescupen. Mogstad tok sin første pallplass på Norgescupnivå i mars, også det på Gålå, men då på 10 km klassisk.

Malin Einmo, også ho surnadaling i Strindheim IL, vart nummer 35 av dei 64 som fullførte - 2.28,1 bak Fossesholm.

Seinare fredag er det 15 km fri teknikk for herrar, medan kvinnene fortsett Gålå-helga med sprint i fri teknikk laurdag.

Powered by Labrador CMS