Møre og Romsdal Bondelag

To menn og ei dame, alle smilende med blomsterbuketter i armene.
Her er ledertrioen i Norges Bondelag. Fra venstre: 2. nesleder Konrad Kongshaug, 1. nestleder Bodhild Fjelltveit og leder i Norges Bondelag, Bjørn Gimming.

Konrad Kongshaug er ny 2. nestleiar i Norges Bondelag

På årsmøtet i Norges Bondelag torsdag 5. juni vart Konrad Kongshaug frå Averøy vald til ny 2. nestleiar. Kongshaug har vore styremedlem i Norges Bondelag sidan 2023 og var tidlegare fylkesleiar i Møre og Romsdal Bondelag i fire år. Dette skriv Møre og Romsdal bondelag i ei pressemelding.

– Eg er både takksam og audmjuk over å bli vist denne tilliten. Det er mange dyktige folk i Bondelaget, og eg ser verkeleg fram til å bidra som ein del av leiinga. Norsk landbruk treng samla kraft. Eg vil jobbe for å styrkje dei økonomiske vilkåra for bønder over heile landet og med det også sjølvforsyning og beredskap, seier Kongshaug.

Engasjert

Han er ei engasjert og tydeleg røyst for distriktslandbruket og har markert seg i både faglege og politiske spørsmål. På garden sin på Averøya driv han med ammekyr og oppfôring av innkjøpt kalv, i tillegg har han ei entreprenørverksemd saman med sønene.

En mann foran Norges bondelag sin fane.
Konrad Kongshaug.

– Eg har ungdommar som er like interesserte i landbruk som meg, og mange andre unge landet rundt er interesserte og står klare til å gå inn i bondeyrket. Da er eg villig til å leggje ned ein stor innsats for at ungdommane heime og alle andre unge skal sjå ei framtid i norsk landbruk, seier Kongshaug.

På årsmøtet i Norges Bondelag fekk også Bjørn Gimming (Østfold) fornya tillit som leiar, medan Bodhild Fjelltveit (Vestland) vart attvald som 1. nestleiar.

– Fagleg sterk

– Det er svært gledeleg at Konrad har fått denne tilliten. Han er fagleg sterk, har brei organisasjonserfaring og ei klar stemme for bonden og for landbruket i distrikta. Vi i Møre og Romsdal Bondelag er stolte over at fylket vårt er representert i leiinga av bondelaget, seier Olav Håkon Ulfsnes, leiar i Møre og Romsdal Bondelag.

Norges Bondelaget er landets største interesseorganisasjon for bønder og har nær 60 000 medlemmer.

 

Powered by Labrador CMS