ANNONSE:
25. til 30. oktober er det bispevisitas med besøk og arrangement rundt om i Surnadal kommune.
Formålet med bispevisitasen er gje støtte, inspirere og rettleie kyrkjelydar og tilsette, og gjera kyrkja sitt nærvær synleg i lokalsamfunnet.
Biskopen med følgje, skal gjenom tre hektiske dagar med ulike arrangement og eit tett og innhaldsrikt program for så å avslutte visitasen i Surnadal med gudsteneste og visitasforedrag i Stangvik søndag 30.oktober.
Desse programpostane er opne for alle:
Onsdag 26. oktober
Ranes kyrkje kl. 19:30 "Hausttonar", salmekveld med lokale kor.
Torsdag 27. oktober
Bøfjorden grendahus kl. 18:00 " Frivillighet" inspirasjonskveld med kåseri ved Bjarne Nordlund og Torbjørn Brøske. Enkel servering
Søndag 30. oktober
Stangvik kyrkje kl. 11:00 Visitasgudsteneste. Biskopens visitasforedrag og kyrkjekaffe etter gudstenesta.
Velkomne!