«Blant engles kor»:

Olsok-konsert i Åsskard

Songaren Turid Røen Kroknes og pianisten Brage Einum er hovudaktørar under onsdagens Olsok-konsert i Åsskard kyrkje.

Publisert

Turid lanserer i desse dagar CD-en «Blant engles kor», der ho syng spirituals og nordmørske folketonar. Mykje av CD-programmet blir med på konserten. Brage Einum gir tonefølgje og spelar solo klaver. Ei gruppe frå koret Prosjekt 17 deltek også – med musikk av bl.a. Mendelssohn.

CD-aktuelle Turid Røen Kroknes syng folketonar og spirituals i Åsskard onsdag.

Turid fekk i 2003 Bræin-prisen for si formidling av lokale folketonar. Ho er elev av bl.a. Helge Birkeland, som var ein stor inspirator – ikkje minst innan spirituals.

Ho har sunge ei rekkje operaroller og delteke i store kyrkjemusikalske framføringar. - Ei særleg oppleving var å halde eigen konsert for kongeparet i Nidarosdomen, seier Turid. I 2016 gav ho viseplata «Vegane».

Brage Einum gir tonefølgje og spelar klaver solo.

Surnadalingen Brage Einum har klaverutdanning frå NTNU i Trondheim. Han har spela i fleire band og er dertil klassisk pianist. For tida er han fulltids musikar i Bergen.

Åsskard sokneråd arrangerer årlege olsokkonsertar. Denne kjem litt seinare enn vanleg - for å unngå kollisjon med Stangvikfestivalen.

Som ledd i lanseringa av CD-en «Blant engles kor» held Turid også konsertar i Rindal 11. august i Valsøyfjord 17. august.



ANNONSE:

Powered by Labrador CMS