Todalskunstnere til Bergen

Publisert Sist oppdatert

På torsdag 7. mai opnar den eksperimentelle gruppeutstillinga VEGGEN ved kunstsenteret KRAFT i Bergen. Utstillingen er laget av kunstnarane Toril Redalen, som kjem frå Todalen, og Siri Skjerve som bur og arbeider i Todalen. Med seg har dei invitert kunstnarane Tobias Aputsiaq Prytz, Rita Marhaug og Jack O'Flynn. Dette skriv KRAFT i ei pressemelding.

På opninga vert det servert lett forfrisking og det vert talar av Silje Hjemdal (Stortingsrepresentant for FRP) og Grethe Fatima Syéd (forfattar, omsetter og litteraturviter). 

Meir om utstillinga:

VEGGEN er eit utstillingsprosjekt av kunsthandverkarane Siri Skjerve og Toril Redalen, på KRAFT i perioden 7. mai til 23. august.

Prosjektet tek utgangspunkt i Marlen Haushofer sin roman Veggen frå 1963, der ei kvinne vert isolert frå omverda av ein usynleg, ugjennomtrengjeleg vegg. Innanfor eit avgrensa landskap må ho etablere ein ny kvardag, og naudsynte handlingar knytt til arbeid, omsorg, reparasjon og repetisjon vert grunnleggjande vilkår.

I VEGGEN vert veggen som fysisk, sosial og eksistensiell struktur utforska gjennom fem kunstnarskap; Siri Skjerve, Toril Redalen, samt inviterte kunstnarar Rita Marhaug, Tobias Aputsiaq Prytz og Jack O’Flynn.

I utstillinga vert det bygd eit eige rom, der kunstnarane under opningstidene til KRAFT vil arbeide og opphalde seg i kvar sine periodar. Den eine veggen til dette rommet er konstruert slik at publikum får innsyn. Kunstnarane forheld seg til eit lager med enkle materiale og verktøy. Undervegs i opphaldet vil spor, materiale og tankar kunstnarane gjer seg samlast saman som ein slags fysisk katalog i Hvelvet på KRAFT. Slik vert utstillinga forma i ein organisk prosess i sanntid, der kvar kunstnar responderer på og forheld seg til det å vere aleine og isolert, men samstundes sterkt til stades, synleg og tett på publikum.

I VEGGEN er utstilling, produksjon og montering i éin og same prosess. Kunstnarane er inviterte grunna deira evne til å arbeide innan opne, krevjande rammer og deira erfaringar med å la materiale, handling og situasjon påverke retninga i arbeidet. Samansetjinga av gruppa er gjort ut frå kunstnarskap som rommar ein performativ dimensjon, samt deira ulike tilnærmingar til materiale. Utstillinga opnar for undring knytt til dagsaktuelle tema som beredskap og overleving, ferdigheiter og materialforståing, samstundes som ho går i kjernen på vedvarande essensielle spørsmål kring det å vere menneske, kva det vil seie å vere del av fellesskap og kva det tyder å vere isolert.

Todalskunstnere Siri Skjerve og Toril Redalen

Siri Skjerve (f. 1979) har i fleire år utforska hud og naturgarva skinn som kunstnarisk materiale. Ho bur og arbeider i Todalen, og driv ein praksis som hovudsakleg baserer seg på skinn frå lokal jakt. Ho har stilt ut mellom anna ved Møre og Romsdal kunstsenter, Sverresborg museum, Vestlandsutstillingen og Norske kunsthåndverkeres årsutstilling. Arbeida hennar er innkjøpte av KUBE og KODE. For tida tek Skjerve doktorgrad ved Nordmørsmusea og NTNU, og har tidlegare vore styreleiar for Norske Kunsthåndverkere. I 2025 vart ho tildelt 10-årig kunstnarstipend frå Statens Kunstnarstipend for etablerte kunstnarar.

Toril Redalen (f. 1973) er oppteken av kva som gjer eit materiale til eit materiale, og korleis det formar både historie og samtid. Leire er eit gjennomgåande materiale i hennar kunstnarskap, og arbeida hennar oppstår ofte som del av ei heilskap i syningsrommet og har sjeldan endeleg form. Ho har stilt ut mellom anna ved Nasjonalmuseet, Norske kunsthåndverkerers årsutstilling, Kunsthall Grenland og Porselenmuseet i Porsgrunn. Arbeida hennar er innkjøpte av mellom anna KUBE, KODE, Nordens Hus, GC Rieber. I 2022 vart ho tildelt 10-årig kunstnarstipend frå Statens Kunstnarstipend for etablerte kunstnarar. Skjerve og Redalen har gjennom fleire år hatt tette samarbeid, mellom anna utstillingane Doggerland på Møre og Romsdal kunstsenter (2025), Lines Made by Walking på Format (2023) og The Art of Distant Future Earth på Norske Kunsthåndverkeres Temautstilling Ned i gruvene, opp i skyene ved Bomuldsfabriken Kunsthall (2024).

Eksperimentell utstilling

I 2025 annonserte KRAFT ei open utlysing der vi inviterte kunstnarar og kuratorar som jobbar i gruppe på to eller fleire til å sende oss forslag på prosjekt for 2026. Gjennom open utlysing ynskte KRAFT å utfordre det tradisjonelle formatet for utstillingar og2 utforske nye former for kunstnariske samarbeid, konsept og presentasjon med materiale og kunsthandverk som utgangspunkt.

VEGGEN er det andre av tre prosjekt som spring ut av den opne utlysinga.

Utstillinga er støtta av Kulturrådet og Norske Kunsthåndverkere.

Todalskunstnere med utstilling i Bergen i sommer
Powered by Labrador CMS