Pressemelding frå Vårsøghelga:

Kleivakveldens hovudartistar Bjørn Tomren og Heine Bugge
Kleivakveldens hovudartistar Bjørn Tomren og Heine Bugge

Vårsøghelga 2022

Vårsøghelga 2022 går av stabelen frå 26. til 29. mai 2022

Vi er glade for å allereie no presentere Kleivakveldens hovudartist. Det er stjernekampfinalist Bjørn Tomren saman med sin faste makker Heine Bugge. Dei opptrer saman under namnet PolkaBjørn&KleineHeine. Bjørn og Heine er kjent som universets beste trekkspill og jodleduo. Duoen har i over 10 år har blitt møtt med overveldande begeistring i inn- og utland. I Surnadal er dei også kjent med hitlåten «La tralla gå» Bjørn Tomren har i haust imponert heile Noreg som den mest særeigne artisten i den populære NRK-serien «Stjernekamp». Med sitt unike utrykk og sin eineståande formidlingsemne, har Tomren på kort tid rukket å bli folkeeige, og har blitt omtalt som «den kulaste artisten i Stjernekamp gjennom tidene» Billettsalget til Kleivakvelden er straks i gang, og billettar til Kleivakvelden er å få kjøpt på Surnadal kulturhus og på nettsida til kulturhuset. Nytt av året er at born og unge under 18 år får gratis inngang på Kleivakvelden.

Ellers kan vi melde om at det framleis er ledige billettar til konserten med Åge Aleksandersen i Stangvik kyrkje 02. november kl 19.30. Åge er aktuell med ny plate som har trilla 5 og 6 på terningane i alle landets aviser. Åge har også eit heilt spesielt forhold til Stangvik kyrkje, som han kjem til fortelle om under konserten.

Laurdag 4. desember kl 15.30 i Stangvik kyrkje kan vi garantere julestemning. Vi gjentek suksessen med julekonserten «Julefryd» med Nidarosdomens jentekor og Trondheimsolistene. For fyrste gong tok dei i fjor med seg «Julefryd» ut av Nidarosdomen, og ei fullsatt Storstue på Surnadal kulturhus fekk ei oppleving heilt utanom det vanlege. I år har dei med seg folkemusiker Gjermund Larsen som gjest. Her får vi ein rørande og vakker julekonsert med det aller beste av norske musikarar.

Billettar til alle konsertar arrangert av Vårsøghelga er å få kjøpt på Surnadal kulturhus og på nettsida til kulturhuset.

Mvh. Vårsøghelga v/Anders Larsen