ANNONSE:

Boblande speleglede i kulturhuset

Kvartett frå Operaens Sinfonietta inviterer til jazz-konsert i foajeen på Surnadal kulturhus fredag 13. mai kl. 13.

Og da talar vi sjølvsagt om musikarar frå Operaen i Kristiansund, og dei fire vil framføre Claude Bollings «Suite for fløyte og jazztrio».

Claude Bolling ville blande saman jazz med klassisk musikk, og skreiv denne suiten for klassisk fløyte og den tradisjonelle jazzpianotrioen – altså piano, kontrabass og trommer.

Dei fire musikarane som inviterer til ein konsert med boblande speleglede er Jasmina Zivic (fløyte), Jostein Brødreskift (bass), Robert Sztorc (slagverk) og Martin Bredin (piano).

Det er fri inngang.

Powered by Labrador CMS