Berit og Bodil på kafestolar utafor skimuseet
Museumspedagog Berit Kvam og avdelingsledar Bodil Børset på solsida av den store skimuseumsbygninga, med kaféen og Heggemsfjøset i ryggen.

Frå skisesong til sommarsesong

Det var to blidspente damer som ville informere oss om kva som Rindal Skimuseum har å by på framover våren og sommaren. Avdelingsledar ved Rindal Skimuseum, Bodil Børset og museumspedagog Berit Kvam møtte Trollheimsporten i solveggen ved museet.

Publisert Sist oppdatert

Sommaren er høgsesong for musea, og museumsarbeidarane gler seg til å få daglege besøk på tun og i hus. Berit Kvam har alt hatt ein sommar ved skimuseet, men for Bodil Børset, som er nytilsett avdelingsledar, er dette første sommaren, om ein ser bort frå sommarjobb for ei god stund sidan.

Rindal Skimuseum og Musea i Sør-Trøndelag (MIST) har barn og unge som satsingsområde. Derfor er Bodil glad for å ha pedagogen Berit med på laget. Museet ønsker unge velkomne og ønsker å nå ut til fleire unge. Treskiprosjektet som dei har gjennomført både i Rindal og andre stader denne vinteren er eit ledd i denne satsinga.

Les om dette her på Trollheimsporten!

Rindal Skimuseum har ideell plassering med skolen og barnehagen som næraste naboar. I tillegg har ein Igltjønna med yrande badeliv om sommaren og skiløyper og skistadion om vinteren.

Bodil koster trappa til Løsetlånna
Avdelingsledar Bodil Børset koster trappa og ønsker gjestene velkommen!
Arvid med full trillebår
Arvid Koksæter i full fart med trillebåra.

Når sommaren kjem ønsker, ønsker skimuseet at badegjestane på Tjønna skal ta seg pause på skimuseet, som har kaffeservering både ute og inne. Utstillingane er opne, og museet har unge, ivrige sommarvertar.

- Vi er utruleg heldige som har fått mange dyktige søkarar til sommarjobb ved skimuseet. Vi måtte seie nei til mange dyktige ungdommar, men du vil møte fem stykke i løpet av sommaren, seier Bodil Børset.

Barneaktivitetar

I sommar vil tirsdagane vere barnedagar. Sju tirsdagar frå 4. juli blir det barneaktivitetar etter oppsett program. Siste tirsdagen – 15.august – blir det bøying av skitupp!

Desse tirsdagane vil Rindal Skimuseums venneforening delta aktivt. Dei vil vi også møte under mange av dei andre arrangementa på skimuséet. Rindal Skimuseum vil vere eit levande museum med tilbod til både vaksne og unge både ute og inne.

Vår- og sommar-program 2023

Museet er ope tirsdag – søndag kl. 11.00 – 17.00 i perioden 18.juni til 20. august.

Tirsdagar er barnas dag på museet med skiftande aktivitetar på tunet og på låven.

4. mai Opning av utstillinga «Kom mai» - utstilling av maiblomster
6.-7.mai Open kafé og utstillingar
15.juni Museumsquiz
18.juni Sesongopning Rindal Skimuseum
1.juli Minifestival på tunet.Konsertar, vimpelverkstad, såpebobler, konkurransar og mange andre familieaktivitetar
2.juli Tunmesse
4.juli Barneaktivitet: Spikkekurs – spikk din eigen sabel eller tryllestav
11.juli Barneaktivitet: Leik med trå
18.juli Barneaktivitet: Lag din eigen barkebåt
25.juli Barneaktivitet: Uro av naturmaterialer
1.aug. Barneaktivitet: Bind ein blomsterkrans
8.aug. Barneaktivitet: Saftkoking med etikettverkstad
11.aug. Museumsquiz
15.aug. Barneaktivitet: Bøying av skitupp
20.aug. Grautdag

skipar langs veggene, god plass på låvegolvet
"Skigard" langs veggene på låven, men god plass til aktivitetar på låvegolvet.

Både på låven og under låven er det plass for aktivitetar dersom godveret sviktar. Under låven kunne Berit vise oss ein svær kasse. Ho letta på lokket, på sesongopninga vil innhaldet blir avslørt!

ANNONSE

Sjølv om sommarsesongen ikkje opnar før 18. juni, så startar skimuseet sterkt alt i mai.

Kom mai

Årets utstillinger:

Fast utstilling: Skimakerhistoria: Fra kjøkkenbenk til storindustri (fast utstilling)

Vårutstilling: Kom mai: Maiblomstutstilling (temporær 4- 7. mai 23)

Sommerutstillingar:

Sigurd Røen premiesamling sommar (22 og 23)

Jon Elshaug premiesamling (ny sommar 23)

OL og VM-gensere ( ny sommar 23)

4. mai opnar utstillinga «Kom mai» med foredrag av Bodil Børset og presentasjon av ei utstilling av mai-blomster. Alle kjenner maiblomsten som Norske Kvinners Sanitetsforening selger kvart år. Den første maiblomsten vart laga i Gøteborg 1907. Året etter vart den introdusert i Norge, og i 1909 starta Norske Kvinners Sanitetsforening salg av maiblomster i Norge.

Utstillinga på Rindal Skimuseum vil vise ei mesta komplett samling av maiblomster frå 1911 til i dag. Det er Nils Aune som starta samlinga. Sidan har son og barnebarn følgd opp. Denne utstillinga står til over helga 6. - 7. mai.

Denne helga blir sjølvsagt kafé og utstillingar opne. Det blir også salg av maiblomster, og det blir leikar på tunet. For riktig å hjelpe våren i gang, blir det seljefløyteverkstad med sakkunnige ledarar!

Sesongopning

Stor kasse med noko inni
Berit Kvam smugkikker i den store kassen som skal oppnast under sesongopninga 18. juni.

Sesongopninga blir 18. juni med program som blir kunngjort seinare.

Kulturvøkku 2023

Under Kulturvøkku 2023 blir det Minifestival på tunet 1. juli. Det blir konsert både på dag og kveld, og det blir vimpelverkstad, såpebobler, konkurransar og mange andre familieaktivitetar. Dette er støtta av 150-årsjubilanten Rindal Sparebank i samarbeid med Kulturforum og Rindal Skimuseums Venneforening. Meir om dette kjem snart.

- Kryss av i kalenderen, ber Bodil Børset.

Utstillingar

Inne i skimuseet har du den faste utstillinga av skimakerhistoria: Fra kjøkkenbenk til storindustri. Der vil du også i år kunne sjå den store premiesamlinga til Sigurd Røen og dei andre skiløparane frå Rindal.

kister i Bjønnåsstøggu
Bjønnåsstøggu er fylt opp av fine, gamle roremåla kister
opa kiste

Nytt av året er at du også får sjå utstilt den store premiesamlinga til John Elshaug. I 1960 vart han nr. 11 på 5-mila under NM. Han tok bronsemedalje på 3x10 km stafett under NM i 1961 i lag med Jon Landsem og Edvin Landsem. Same året vart han nr. 8 på 5-mila i Holmenkollen. Jon Elshaug var også ein habil turrenndeltakar.

I Bjønnåsstøggu blir det denne sesongen utstilling av flotte rosemåla kister som du kan sjå i god belysning.

Ei samling av OL-genserar har vore strikka av venneforeninga og utstilt før. No er genserutstillinga utvida med ei samling VM-genserar, og det fører truleg til ei mannekengoppvisning!

Opningstid

Rindal Skimuseum er ope tirsdag - søndag kl.11.00 - -17.00 i perioden 18. juni til 20. august. Utanom sommarsesongen er museet ope for bestilte grupper.

Tilsette

Dugnadsgjeng raker og rydder
Ute rundt bygningane var dugnadsgjengen frå venneforeninga i full gang med vårpussen der snøen var borte.
to karer med trillebår møtes
Arvid og Per kjørte i skytteltrafikk med oppraka gras og kvist.
Bodil og berit beundrar Arvid Koksæter
Museumsledarane beundrar innsatsen til dugnadsgjengen frå venneforeninga, her representert ved Arvid Koksæter
frokostbuffé
Dugnadsgjengen kjøper seg ein god lunsj for ein rimeleg sum. To frå venneforeninga møter opp tidleg og ordnar til bufféen.

I tillegg til Bodil, Berit og sommarvertane, vil du også kunne møte Marte Flaten på Rindal Skimuseum denne sommaren. Marte har ansvaret for samlingane med halv stilling. Berit har halve tida si ved Orkla Industrimuseum som er søstermuseet til skimuseet.

Powered by Labrador CMS