«Drøm. Liv.» er singel nummer to under eige namn frå Sigurd Brørs og kjem ut på strømmetenestene 21. november

Meditativ matpakke­smøring vart musikk

«Drøm. Liv.» er singel nummer to under eige namn frå Sigurd Brørs. Songen, som sjølvsagt blir sunge på surnadalsdialekt, handlar om å ha familien som livsmotor, og er ein mollstemt, mid-tempo song innanfor singer-songwriter-indiepop, med luftig basslinje og melodisk pedal steel. Sigurd Brørs er tidl. songskrivar og frontfigur i Karl Barx og The Brørs.

Publisert Sist oppdatert

Sigurd Brørs sin nye song «Drøm. Liv.» er lyden av seine kveldar med klesvask, rydding og smøring av matpakkar. Songen er lyden av familien som livsmotor, av meditativt rutinearbeid og av følt fellesskap med andre foreldre i same situasjon – men òg lyden av flukt frå fortida. Kinn skal kyssast og demonar skal dyssast ned. Musikken er i melodisk moll, skriv Brørs i ei pressemelding på nettsidene sine. 

Kjem ut på strømmetenestene

«Drøm. Liv.» er òg lyden av musikarane: Sigurd song og spela akustisk gitar, Tore Hodneland la på pedal steel og ørkengitar og Åsmund Mattias Smidt spela resten av instrumenta og produserte i studioet sitt på Rotvoll i Trondheim. Songen vart mastra av Henning Svoren i Ocean Sound Studio.

«Drøm. Liv.» kjem på strømmetenestene fredag 21. november.

Følg denne lenka til Spotify for å høre albumet.

Om korleis songen vart til

– Teksten til «Drøm. Liv.» kom til meg ein kveld eg ordna ting i huset og begynte å synge: «Sein kveld, men eg er oppe, eg ordnar nokre ting …

Sigurd Brørs

– Ein fredag i 2024 vart eg heimsøkt av ei kul bass-line. Bassen rydda seg plass i hjernen min og gjekk på repeat der inne heile helga, seier Brørs, og held fram:.

– Og da eg seint søndags kveld stod på kjøkenet heime på Dombås og smurte matpakkar til døtrene mine, fekk bassen plutseleg selskap av orda «Sein kveld, men eg er oppe, eg ordnar nokre ting …» 

I vekene som følgte vart songen bygd ut. Tekst- og melodi-idear dukka opp både under kveldsrutinane og under løpeturane mine i allmenningsskogen mellom Dovrebanen og Raumabanen.

– Det vart ein song om det livet eg har vore så heldig å få – eit liv som berre var ein fjern drøm og knapt nok det i «tidlegare tider». Samtidig vart musikken smitta av det drømmeaktige sløret som kvardagslivet får når den kreative prosessen vever seg inn i andre daglege gjeremål.

– Ja – dei musikalske elementa vart prioritert, raffinert og revidert i fleire omgangar, først i eige kjellarstudio og så hos produsent Åsmund. Men i ettertid, på avstand, sit prosessen i minnet som ein lang drøm. Eg vakna opp ein dag, og så var songen der.

Om Sigurd Brørs

Syngar og songskrivar Sigurd er 57, grafisk designer og småbarnspappa, busett på Dombås sidan 2021.

Han har ein litt spesiell bakgrunn: På første halvdel av 90-talet var han langrennsløpar på internasjonalt nivå. Han var på skilandslaget saman med bl.a. Bjørn Dæhlie og Vegard Ulvang, og kan som toppresultat skilte med ein 3. plass i verdscuprenn.

Det var først som 27-åring, vinteren 1996, at Sigurd tok i ein gitar for første gong og bestemte seg for å sette ski og stavar i garasjen for godt.

Fem år seinare hadde Sigurd gründa bandet Karl Barx og gav ut garasjerock-songen «Why Don’t You Love Rock’n’Roll?» Songen vart Ukas Urørt i p3 og fekk i 2002 æra av å bli første rulletekst-musikk på Lydverket.

Sigurd gav ut tre EPar og CDen «A Produkt of Imagination» med Karl Barx på 2000-talet, deretter 13 singlar og CDen «Pappapop» med einmannsbandet The Brørs på 2010-talet.

Singelen «Fjell og vilje» kom ut under eige namn i 2023. Songen, ein duett med countryartisten Martine Haugen, var lydsporet til kona Guri Sørumgård Botheim sin kritikarroste roman «Høgfjellsmeldinga».

Med «Drøm. Liv.» startar ein ny fase i karrieren. Neste steg er å spela inn ein EP i 2026.

Powered by Labrador CMS