Vårsøghelga

Prisvinnarane og varaordføraren
Varaordførar Annett Ranes i lag med prisvinnarane, mor til Martin Phil Strand, søskena Holten og Jannicke Valstad Stenberg.

Henningstipendet og Henningtimen

Henningtimen for ungdomskuleelevar er tradisjon under Vårsøghelga. I dag benka 9.-klassingane i Surnadal seg på dei første radene i Storstuå i Kulturhuset for ein annleis skuletime. Det blir det når Henning Sommerro stiller i fri dressur utan manuskript!

Publisert Sist oppdatert
Henning Sommerro
Henning Sommerro, klar for Henningtimen med 9.-klassingene i Surnadal.

-Ho-del-i-ho, kvad han, og timen var i gang! Han demonstrerte litt korleis han jobba seg fram til ein melodi, som viste seg å vere "No e sola komma," sikkert inspirert av veret ute.

Henning ved flygelet og timen er i gang
Henningtimen er i gang!

Den gamle professoren viste dei unge elevane at han ikkje var akterutseilt med å taste fram ein orkesterversjon av vårsongen frå laptoppen han hadde på flygelet, og lyden frå symfoniorkesteret i Trondheim fylte Storstuå.

- Kva er musikk? 

Spørsmålet svara han på med mange ulike lyddemonstrasjonar, frå kraftige brøl til vr banking på flygelet, slikt kunne det bli mykje musikk av. Det skjønte nok ungdommane også, ut frå deira eigne lytteøvingar.

Henning gjorde eit nummer av at han begynte å bli opp i åra:

- Tenkj på det,  bestemor mi va fødd på atjåhoindertalet! E e gammelt gjort!

Vi fekk høre litt om hans musikalske utvikling frå enkel gitarspeling via trøorgel og  trekkspell til piano og kyrkjeorgel. 11 år laga han ein tango som vi fekk høre, og 15 år skreiv han ein vals til mor si, ja, for han skreiv ned notane.

Henning med trekkspell og flygel
Henning Sommerro med trekkspell og flygel

Henning tenkte aldri på at han skulle bli noko stort.
- Det kan ein tenkje etterpå, sa han.

Henning ved flygelet
Henning Sommerro ved flygelet

Som ung var han Beatles-fan, og vi fekk høre låta "Beautiful girl Mariann," tøff låt i ekte Beatles-stil. Elles var han lite innom ungdomstida si som band-musikar.

Det var fint å høre kor positiv han var til Surnadal og at heimbygda hadde vore sentral i utviklinga hans. Vårsøghelga hadde nok ikkje vore den same utan han.

Mykje av arbeidet hans no er arrangement for andre, teater- og filmmusikk og andre musikkoppdrag. Han er ikkje så glad i filmmusikk, fordi det er illustrasjon til andre sine idear.

Så fekk vi ein brå overgang til Bøverdalsrock med fullt trøkk, følgd av solid applaus.

Avslutninga på timen var ein demonstrasjon av impulsiv improvisasjon av både tekst og melodi. Det tok skikkeleg laust, men du hørte ikkje ein einaste tone frå flygelet som braut harmonien!

Før det vart friminutt var det høgtideleg utdeling av Henningstipendet ved varaordførar Annett Ranes.

Vinnarane  av Henningstipendet 2024

Det vart delt ut 3 Henningstipend på 5000 kvar til søskena Holten; Karianne, Johanne og Sigve – musikk, Martin Phil Strand – musikk og Jannicke Valstad Stenberg – musikkteater.

Vinnarane vart først presentert på storskjerm, før dei vart kalla opp på scena.

Søskena Holten
Søskena Holten, Karianne, Johanne og Sigve på storskjermen med musikalsk innslag.
Martin Phil Strand, hadde eksamen i dag og var dermed med oss berre som bilde på storskjerm.
Jannicke Valstad Stenberg
Jannicke Valstad Stenberg

Henningstipendet

Her er litt fakta om Henningstipendet og det meste av det varaordførar Anett Ranes sa under utdelinga:

Da Henning Sommerro fylte 70 år fikk han som gåve frå Surnadal kommune 25 000 kroner som han kunne gi vidare som stipend til unge talent frå Surnadal. 

Juryen i Henningstipendet består av Henning Sommerro, ordfører Hugo Pedersen, kulturskolerektor Torbjørn Larsen og kulturleiar Lilli Husby. 

Eg Annett Ranes, representerer Hugo Pedersen i dag, han helser og beklagar at han måtte prioritere eit anna møte. 

Eg har fått fortalt at Henning ønskjer støtte unge som er interessert i ulike kulturuttrykk – som musikk, komposisjon, litteratur, visuell kunst, dans, teater, kunsthandverk, film, animasjon, grafisk design og dataspelprogrammering. 

Dette er ikkje ein pris for noko ein har oppnådd, men heller ei hjelp på vegen for å utvikle seg innafor noko ein likar å halde på med. 

Kriteria for å søkje på Henningstipendet er:
 • At du er mellom 13 og 20 år
• Dette er ikkje ein pris for noko du har oppnådd, men hjelp på vegen for å utvikle deg på noko du liker å halde på med.
• Du kan vere kulturskule elev, eller elev ved ei eller anna kulturline på vidaregåande, eller du kan drive med ein hobby heime på ditt eige rom.
• Du har bustads adresse i Surnadal, men elevar eller studentar opp til og med 20 år, som bur på hybel kan sjølvsagt òg søkje. 

I år blir det delt ut tre stipend, to innanfor musikksjangeren og eit innanfor teater/musikkteatersjangeren. 

Vinnarane med Henning bak.
Henning Sommerro omfamnar prisvinnarane Søskena Karianne, Johanne og Sigve Holten og Jannicke Valstad Stenberg (nr.2 frå venstre) Martin Phil Strand var ikkje til stades, da han hadde eksamen.

.

Powered by Labrador CMS