LESERINNLEGG:

Trusfridom
I lang tid hadde eg tenkt på å skrive eitt lesarinnlegg om trusfridom. Om kor viktig det er at alle menneske skal få lov til å vere heile menneske, med si tru, der dei er. Det kan vere vanskeleg å formulere seg, for å få fram bodskopen på rett måte. Så eg sat og funderte på korleis eg skulle ordleggje meg for å bli forstått. Vi i KrF byggjer på verdiar, og skapar verdiar.
Ein kveld sat eg og mannen min og las høgt i boka «Ung mann vil ut» av Edvard Hoem. Det er noko så vakkert, lyrisk, gjennkjennbart, nært og ekte med Hoem sitt forfattarskap. Ein får lyst til å lese høgt, sakte, ta vare på orda, ikkje la det gå for fort, men at ein verkeleg får smake på og nyte kvar einaste setning.
Og der eg sat og las, så las eg høgt dei fantastiske setningane som oppsummerte det eg ynskja å formidle i mitt lesarinnlegg.
Hoem beskriv da han byrja på skule i Molde, og fekk høyre om det kristelege skulelaget, som dei kalla Laget.
Videre fortel forfattaren;
«Rektor stod tålmodig og høyrde på dei, klasseforstandaren også, sjølv om han såg ut som om han tenkte på noko anna. Seksti år seinare skriv avisene om rektorar som nektar folk frå det same Laget å halde andakt i storefri, eller langfriminuttet, som eg helst trur vi sa. Det var lovleg å halde andakt hos rektor Rypdal. Han lèt lagsmedlemmene låne songsalen for å synge og be. Om han ikkje oppmindra til det eller var med på det, godtok han det, tenker eg seksti år seinare. Han tenkte at vi i alle tilfelle levde i eit samfunn der kristne og ikkje truande, fråhaldsfolk og ranglefantar måtte arbeide side om side og ha omgang med kvarandre. Skulle vi bli gode samfunnsborgarar, måtte vi lære kvarande å kjenne og innsjå alt vi hadde til felles, trass i ulike livssyn. Skulen skulle ikkje berre gi oss kunnskap, men lære oss å bli samfunnsmenneske.»
Det er ikkje så mykje meir å tilføre, eg opplever at det eg las traff meg skikkeleg. Lat oss respektere kvarandre si tru og ikkje-tru, lat oss ha ekte toleranse alle vegar, og lat elevar har rett til samlingsfridom, til å leve liva sine som heile menneske. Lat oss ha rom for kvarandre. 11
Victoria Smenes, M&R KrF sin 4.kandidat på Stortingslista
