Strålande resultat for Surnadalsrussen sitt "Krafttak mot kreft":

Mathilde Blokhus Vikan (f.v.), Ine Fiske, Benjamin Skålvik Rønning og resten av Surnadalsrussen 2021 deltok i Kreftforeningens innsamlingsaksjon "Krafttak mot kreft", og samla inn over 50 000 kroner.
Mathilde Blokhus Vikan (f.v.), Ine Fiske, Benjamin Skålvik Rønning og resten av Surnadalsrussen 2021 deltok i Kreftforeningens innsamlingsaksjon "Krafttak mot kreft", og samla inn over 50 000 kroner.

Samla inn over 50 000 kroner til Kreftforeningen

Det gode resultatet gjer at aksjonskomiteen no må hoppe i havet, og russepresidenten farge håret.

Publisert Sist oppdatert

I starten av månaden gjekk Surnadalsrussen ut med at dei skulle delta i Kreftforeningen sin årlege storaksjon, "Krafttak mot kreft".

Opprinneleg var planen å gå dør-til-dør for å samle inn pengar, men koronarestriksjonar gjorde at innsamlingsaksjonen deira enda opp som heildigital.

Med fasiten i hand, viser det seg at det slett ikkje la nokon dempar på gjevargleda hos innbyggjarar og bedrifter i dalføret.

Inne på aksjonssida har det komme inn 30 150 kroner i gåver, og som om det ikkje var nok; med Vipps-bidraga klarte Surnadalsrussen totalt å samle inn heile 52 155 kroner til Kreftforeningen.

– Det tykkjer vi er veldig bra. Vi er fornøgde med resultatet, seier Ine Fiske i aksjonskomiteen.

Før aksjonen starta, slo komiteen fast at dei skulle hoppe i havet dersom dei fekk inn 25 000 kroner, medan russepresident Edvard Bolme Fjerstad gjekk med på å farge det brune håret sitt blondt dersom det kom inn minst 50 000 kroner.

Russepresident Edvard Bolme Fjerstad lova å farge håret heilt blondt, dersom russen samla inn 50 000 kroner eller meir. Det klarte dei.
Russepresident Edvard Bolme Fjerstad lova å farge håret heilt blondt, dersom russen samla inn 50 000 kroner eller meir. Det klarte dei.

Begge deler skal no gjennomførast, bekreftar Fiske, som er glad for at aksjonen gjekk bra, sjølv om russen ikkje fekk møtt potensielle gjevarar ansikt til ansikt.

– Vi var litt usikre på kva vi kunne vente, sidan Surnadalsrussen stiller med komité for første gong, og dermed ikkje har tidlegare resultat å samanlikne med, seier ho, og fortsett:

– Så vi var spente på responsen frå bygda, men vi tykkjer vi fekk gjennomført ein god innsamlingsaksjon, til trass for at vi ikkje kunne gjennomføre den dør-til-dør.

Det gode resultatet gjer at russen har nådd målet om å sette ein standard for framtidige russekull.

– Ja, no må dei som kjem etter oss og legge ned ein innsats for å få inn eit godt beløp til ei viktig sak, seier Fiske.

Ho takkar dei mange gjevarane, på vegne av aksjonskomiteen og russekullet.

– Vi vil gje ei stor takk til alle, som har bidrege, både privatpersonar og bedrifter, seier Fiske.