Mathilde Blokhus Vikan (f.v.), Ine Fiske, Benjamin Skålvik Rønning og resten av Surnadalsrussen 2021 deltek i Kreftforeningens innsamlingsaksjon "Krafttak mot kreft".
Mathilde Blokhus Vikan (f.v.), Ine Fiske, Benjamin Skålvik Rønning og resten av Surnadalsrussen 2021 deltek i Kreftforeningens innsamlingsaksjon "Krafttak mot kreft".

Surnadalsrussen tek eit krafttak mot kreft

Deltek i Kreftforeningen sin årlege aksjon.

Publisert Sist oppdatert

Då Surnadalsrussen i desember fekk ei henvending frå Kreftforeningen om dei ville bidra i innsamlingsaksjonen "Krafttak mot kreft", var dei aldri i tvil.

Russen stabla raskt ein aksjonskomité på beina, og rekrutterte bøsseberarar, klare til å gå rundt frå dør til dør i tidsrommet 6. til 14. mars.

I vinterferien kom beskjeden om at smittevernomsyn og koronasituasjonen fører til at aksjonen i staden må gjennomførast heildigitalt, utan at det på nokon måte har teke motet frå Surnadalsrussen.

– Det er klart det ville vore ein fordel å kunne møte folk ansikt til ansikt når vi samlar inn pengar, men via ein digital aksjon med Vipps og digital bøsse er det lett for folk å gje pengar likevel.

Det seier Ine Fiske, Mathilde Blokhus Vikan og Benjamin Skålvik Rønning, som saman med Anna Vattøy Solli og Mira Husby Bævre utgjer aksjonskomiteen for russen si innsamling.

– Det er viktig at folk hugsar på å gje pengar sjølv om aksjonen blir på nett, seier Fiske, som fortel at det er viktig for russen å få gjennomført aksjonen på ein god måte.

– Og så ville det vore artig å få inn ein del pengar, slik at russekulla etter oss får noko å strekke seg etter, seier Rønning.

– Har de sett dykk noko mål for kor mykje pengar de håpar å samle inn?

– Får vi inn 25 000 kroner hoppar aksjonskomiteen på havet, og får vi inn 50 000 kroner har russepresident Edvard Bolme Fjerstad gått med på å farge det brune håret sitt blondt, smiler Ine Fiske.

Ønskjer du å bidra til Surnadalsrussen si innsamling?

Utfordrar lokale bedrifter

Dei tre representantane frå aksjonskomiteen håpar og at lokale bedrifter melder seg på og støttar det gode formålet.

– Vi har planlagt å sende ut mail til bedriftene no ganske snart, seier Vikan, medan Fiske legg til:

– Ja, og er det stilt etter at vi har sendt ut mail til bedriftene, kjem vi og bankar på døra deira!

– Det er ikkje alle aksjoner eg føler vi kan gå på døra til lokale bedrifter, men når det er snakk om eit så godt formål kan vi det, seier Benjamin, og fortel at han sjølv har eit nært forhold til saka, etter at han mista mor si i kreft.

– Få går gjennom livet uten å få eit forhold til kreft, så dette er et tiltak det er naturleg å støtte, seier han.

Første russekull som deltek

Årets russ er det første russekullet i Surnadal som deltek i "Krafttak mot kreft" - i Surnadal har tradisjonelt Nordmøre Folkehøgskule vore pådrivar. Fiske, Rønning og Vikan fortel at det ligg mykje jobb bak aksjonen, som no er på trappene.

– Det er artig å vere med på eit slikt prosjekt, og det er god erfaring for oss å sette opp vår egen aksjon, seier dei, og oppfordrar alle til å gje eit bidrag til eit godt formål.

I skrivande stund har Surnadalsrussen fått inn totalt 4 000 kroner til den digitale bøssa si på Kreftforeningen si heimeside.

Brorparten av inntektene frå årets aksjon går, som i fjor og året før, til forsking på kreftformer få overlever - hovudsakeleg kreft i lunger, bukspyttjkjertel, hjerne og spiserør. Under to av ti overlever desse kreftformene i dag.

I tillegg vil deler av pengane som kjem inn - Kreftforeningen har mål om å samle inn 35 millionar kroner på landsbasis - gå til betring av omsorgstilbod for pasientar og pårørande.

Russen oppfordrar både bedrifter og privatpersonar til å bidra til innsamlingsaksjonen.
Russen oppfordrar både bedrifter og privatpersonar til å bidra til innsamlingsaksjonen.