ANNONSE:

Svart hvitt tegninger av forskjellige fisker
Det er sal av tre kort og to kunstplakatar som Ingvar har laga saman med tante Ingun i Stockholm

Utstillinga FISK i Skulstuå i Todalen

Kva med ein Todalstur i finveret i helga? 

I Skulstuå står utstillinga FISK i heile sommar og laurdag 14.juni frå kl. 1300 til 1600 er den igjen opa.

Det er Ingvar Ortega Redalen (f. 2012) som har teikna fiskar frå både nære og fjerne havstrøk, her kan du sjå både regnbogeaure, brisling, havmus, slimål, storskat, gjøkskate, tagghai og kval og mange fleire fiskeartar.

Ingvar likar å teikne fiskar, men har og teikna alle kyrkjene i Noreg!

Med ein energi og sikker strek samt proporsjonane på plass, har Ingvar detaljert observert og overført til papiret alle særeigne trekk for dei ulike fiskeartane.

Det er sal av både kunstplakatar og kort av fisketeikningane.

16.mai var det ei storstilt opning av utstillinga, som vil stå fram til midten av august.

Nysteikte sveler med god rabarbrasylte samt kaffi/te og is blir og for sal.

Skulstuå er eit kulturhus for alle – eit hus som rommar den frie kunsten, in spe og i all si prakt.

Kart over Todalen med Skulstuå

Venner av Skulstuå i Todalen ynskjer alle velkomne til utstilling i Pilskarvegen 35

Powered by Labrador CMS