LESERINNLEGG:

Jenny Klinge

Er «nordmann» det neste som skal vekk?

Publisert Sist oppdatert

Ord med «mann» i har blitt gjort til fiendar av likestilling, og no vil Ap-regjeringa fjerne ordet lagmann. Ord som lensmann og rådmann har allereie vorte ofra på den moderne kjønnsnøytralitetens alter.

Vi står no i fare for å miste det kulturelle grunnlaget vårt for å oppfatte «nordmann» og «allemannsretten» som noko om femnar om oss alle, uansett kjønn.

Det botnar i pinleg kunnskapsløyse når gode norske ord med lange tradisjonar blir fjerna slik. Samansette ord med «mann» viser nemleg ikkje spesifikt til karar, men til menneske.

Såleis er orda allereie kjønnsnøytrale. Kvifor kan vi ikkje heller omfamne uttrykka og halde fram med å inkludere oss alle i dei?

Det er på høg tid at vi styrkar den språklege og kulturelle ryggrada i samfunnet vårt. I staden går Ap-regjeringa no altså inn for å fjerne mann i «lagmann» og «lagmannsrett».

Lagmann finn vi så langt tilbake som i Magnus Lagabøtes landslov frå 1274. Det er ei nemning på nokon som er lovkyndig - ei samansetting av det norrøne ordet for lov og mann for menneske. 

Eg er kvinnfolk sjølv, men sjølvsagt også nordmann – og eit menneske. Ikkje eit «kvinneske», altså, trass i at somme prøver seg på slike omskrivingar.

Om eg hadde ei slik stilling, ville eg føretrekt å ha den norske og godt dekkande nemninga rådmann heller enn det kjedelege og importerte kommunedirektør. Som dessutan uansett er eit hankjønnsord…

Er vi rett og slett i ferd med å bli «mannevonde» som samfunn?

Dei samansette orda med «mann» verken ekskluderer eller krenkar den kvinnelege delen av manneætta. Men det er som om samfunnet plutseleg har innsett at menn generelt er eit stort problem. Og blir vi ikkje kvitt desse karane på anna vis, må vi i alle fall få dei vekk i norsk språk.

Engelsk blir ofte framstilt som ein trussel mot det norske språket, men den største trusselen kjem kanskje innanfrå. Den viser seg i meiningslause, dydsposerande politiske grep som fjernar gode og historisk rotfesta norske ord.

Eg har lansert omgrepet godheitsonani: Det er noko som gjer godt for ein sjølv, men som ikkje er særleg fruktbart.

Slik godheitsonani blir i dette tilfellet kombinert med mangel på kunnskap om og respekt for norsk språk og kultur. Enden på visa blir at alle «mann» i betydninga menneske brutalt kan bli kasta over bord.

For nettopp ord som menneske og nordmann må vrakast dersom vi skal følgje den forskrudde logikken kring kravet om kjønnsnøytralitet heilt til endes.

Vi nordmenn må begynne å stå opp for språket vårt. Viss ikkje går gode, inkluderande ord med lange tradisjonar ein språkleg drukningsdød i møte.

Jenny Klinge
Stortingsrepresentant, Senterpartiet

Powered by Labrador CMS