Surnadal kommune melder:
Surnadal kommune har sendt inn høringsuttale til Fylkesstrategi for samferdsel 2027-2030:
Høyring - Fylkesstrategi for Samferdsel 2027-2030
Kommunestyret i Surnadal behandla saken i møte den 10.02.2026, og ordførar vart gjeve fullmakt til å gje uttale på vegne av Surnadal kommune. Surnadal kommune er medlem i Nordmøre regionråd, og ordføraren har også skrevet under på høyringssvaret frå regionrådet.
Fylkesstrategien er etter vår meining god og beskriver situasjonen for samferdsel i fylket godt. Surnadal kommune viser spesielt til fylkesplanens langsiktige utviklingsmål under kapittel 3 Samarbeidsfylket: «Møre og Romsdal skal vere god på regionbygging og samarbeid», og til kapittel 6 Verdiskapingsfylket: «Møre og Romsdal skal ha eit transportsystem både på land, luft og sjø, som er trygt, smart og miljøvennleg, og er tilpassa innbyggarane og næringslivet sine behov så langt som råd»
Frå Surnadal har vi følgande innspel:
a) Det er svært viktig at Todalfjordprosjektet blir realisert så raskt som mogleg. Indre Nordmøre som døgnåpen region med felles bo- og arbeidsmarknad vil styrke næringslivet, bidra til økt samarbeid i fylket, bulyst og framtidig verdiskaping og utvikling
b) FV 65 er ein viktig veg ut og inn av Møre og Romsdal i nord. Trafikken her er bortimot like stor som på E39 i Heim kommune. Spesielt for næringsaktørane og tungtrafikken er FV65 særs viktig. På dagar med høg aktivitet i industrien kan talet på passeringar med lastebil/trailer langs FV 65 i Surnadal nærme seg 200. Tungtrafikkandelen på FV65 er uvanleg høg samanlikna med andre fylkesvegar, ofte liggande på 10–15 % av den totale trafikken (ÅDT).
c) Surnadal kommune er med i Orkdalspakken, som er eit vegprosjekt som omfattar FV65 Skei- Storås- Orkanger, FV700/701 Storås- Berkåk og FV710 Gjølme-Valset. (kommunane Surnadal, Rindal, Rennebu, Orkland). Orkdalspakken er eit bompengeprosjekt kor Trøndelag fylkeskommune no går inn med 35 % av kostnadane mot tidlegare 20%. Møre og Romsdal fylkeskommune trakk seg ut av prosjektet nyleg.
Sjølv om dette vegprosjektet ligg utanfor vår fylkeskommune er det eit viktig prosjektet som heng saman med Todalsfjordprosjektet og med same argumentasjon. Møre og Romsdal fylkeskommune bør her derfor vere med å bidra til realisering.
d) Rastiltak: FV6160 frå Settemsdalen til Bøfjoden er ei spesielt rasutsett strekning. Her har det gått ras fleire gonger. Rassikring langs denne vegen er eit tiltak Surnadal kommune vil løfte fram.
e) Kollektivtilbod: Det er viktig å legge til rette for eit godt kollektivtilbod, særleg for ungdom, kor tilbodet harmoniserer med reise til vidaregåande skular i fylket. Ein må også ha eit godt samarbeid på tvers av fylkesgrenser og kommunegrenser med tanke på pris og korrespondanse med ulike transportmiddel. Det er spesielt viktig at busstilbodet mellom Mørebyane og Trondheim går via Surnadal, slik at busstilbodet blir lagt langs vegen der folk bur.
Surnadal kommune viser vidare til kapittel 5, Inkluderings- og kompetansefylket, «Møre og Romsdal skal vere eit attraktivt og inkluderande fylke kor folk vel å bu»
For å oppnå dette må vi ha gode og trygge fylkesvegar. Sjølv om etterslepet på vedlikehald er stort er det viktig å arbeide kontinuerleg med dette og bringe det opp på nasjonalt nivå gjennom Nasjonal Transportplan. Eit tiltak som her er verdt å nemne er nyleg vedlikehald på FV65 over Nordmarka i Surnadal kor vegen vart reparert med enkle tiltak og kor det vart mykje vedlikehald for pengane.
Konklusjon:
Surnadal kommune vil som utgangspunkt slutte seg til Nordmøre Interkommunalt Politisk Råd (NIPR) sin uttale, men vil i tillegg vise til punkta a) til e) ovanfor, der punkt a) Todalsfjordprosjektet er det aller viktigaste punktet å løfte fram for Surnadal kommune.
Med helsing
Hugo Pedersen
Ordfører