Fastetida er i gang:
«Farvel til kjøttet!»
Eg sit ein oskeonsdag og skriv dette. Karnevals-helga – fastelavn – er over. Førti dagar fastetid fram mot påske har teke til.
Carne valete
Historisk og logisk er no karnevalstida slutt. «Carne valete» betyr nemleg «farvel til kjøttet». Vi har ete godt – fastelavnsbollar og anna – denne helga.
Fastetida hadde tradisjonelt – og har kanskje enno? - noko å seie oss. Frå no av skal ein leva sparsamt i matvegen – og særleg unngå kjøtt. Dette har endatil betydd mykje for norsk fiskeeksport, skal vi sjå!
Karneval før fasta
I karnevalstida, eigentleg vår fastelavn, har vi førebudd den komande «slankeperioden» med rikeleg mat og drikke. Det tyske namnet Fastelabend betyr «kvelden før faste».
At vi no nokså historielaust hører om karnevalsfeiring langt inn i fastetida, endatil i kyrkja, er ei sak for seg. Vi dreg likevel linjer til tradisjonen.
Blåmåndag
Kvifor var det «blåmåndag» no den 16? Ja - kanskje meiner vi ein dårleg dag etter ei større hending. Men opprinneleg kjem namnet av det blå kledet som i mellomalderen vart lagt over kyrkjealtaret etter fastelavnshelga - for å vise at fasta no var i gang.
Feit-tysdag
Likevel har vi «skeia ut» til gagns på «feittysdagen»! Den har ymse namn, som «sjumålsdagen», da ein skulle eta sju, gjerne rikhaldige, måltid for å «fø seg opp» til dei komande vekene.
Ein yndlingsrett er da «kjøtt og pose» - saltkjøtt, pølser og potetball (i ymse former, gjerne koka i lerretspose) med gode grønsaker og meir til.
Oskeondag – fasta i gang
Frå og med «oskeonsdagen» er det fastetid for alvor. Namnet heng saman med uttrykket «å kle seg i sekk og oske» - altså ei botsøving, endatil med oske i håret og kanskje eit grått kors i panna. Prestane kunne forkynne dette som ei påminning om at vi til slutt blir støv og oske.
Jordiske vårtegn
I område lenger sør kan ein sjå vårtegn – som pløying – på denne tida: Jorda skal vekkjast til nytt liv. I riktig gammal tid (men sikkert ikkje her hos oss!) skal da nakne jomfruer ha gått attmed plogfurene ...
Karneval og kleppfisk
For nordmøringar hadde, og har, dette «farvel til kjøttet» ei enorm betydning: Med redusert bruk av kjøtt vart katolske land i Sør-Europa og Sør-Amerika store kundar for vår eksport av kleppfisk!
Da handlar det om hundretals skuter i slofarten med frakt av skrei frå Nord-Norge til kleppfiskberga på Nordmøre. Og her var tusenvis, små og store, sysselsette med å ta imot, vaske og tørke fisken. Med eksporten frå bedrifter i Kristiansund og den store skipstrafikken med kleppfisk ut i verda har dette, takka vere fastetradisjonane, skapt lokale inntekter som neppe kan mælast i tal.
Her møter vi det spanske ordet for torsk – «bacalao» - som også har vorte ein populær middagsrett hos oss «leverandørar» av råstoffet!
«Faste for vår neste»
Tradisjonar endrar seg. Den historiske forståinga like eins. Men i førti dagar fram mot påske (tilsvarande Jesu 40 dagar i ørkenen) feirar vi faste – kvar på vår måte.
Det kan skje i pakt med tolkinga «å faste for vår neste». Som da lokalt musikkliv gjekk saman om ein støttekonsert etter jordskjelvkatastrofen i Syria og Tyrkia vinteren 2023 – med barnegruppa Amigos i Bøfjorden som ein av hovudaktørane.
KN sin Fasteaksjon
Kirkens Nødhjelp står her for den mest markante satsinga: Med sin årlege fasteaksjon gjer kyrkja – med konfirmantar, foreldre, sokneråd og gode gjevarar ein formidabel innsats for medmenneske i andre land.
Om nokre veker kjem KN-bøssene på døra. Og berre så det er sagt: I fjor skaffa sokna i Surnadal over 138.000 kroner til vassforsyning for hundretals menneske i tørkeramma land!