Startar oppatt med volleyball, så kom å bli med!
Da Audun With Aasgård studerte ved Universitetet i Ås, brukte han ein del av fritida si på å spele volleyball. No ønsker han, og nokre til, å starte oppatt med volleyball i Surnadal.
Dei har fått «sponsa» tid i Surnadal idrettshall av Surnadal IL kvar onsdag frå klokka 21:00 – 22:30 ut mars i år.
I slutten på åtti- og starten på nittitalet var det særs populært med volleyball i Surnadal kommune, og lag frå alle deler av kommunen samla seg i idrettshallen og spela seriespel ein gong i veka.
Etter dette har det vore spela volleyball i periodar, men no er det ei lita stund sidan sist, så no prøvar gjengen ein forsiktig oppstart, for å sjå om det er interesse for volleyball?
- Dette er eit lågterskeltilbod der alle som har lyst til å vere med å spele volleyball er velkomne, uansett ferdigheiter, sa Audun, som altså er ein av initiativtakarane.
- Vi har tid i Surnadal idrettshall kvar onsdag frå klokka 21:00 – 22:30, og det er berre å møte opp utan påmelding, la han til.
Dei har planer om å lage ei Facebook-side etter kvart, slik at dei som er interessert kan få informasjon via denne.
Da vi var innom onsdag kveld, som var første kvelden, var det fem spelarar som hadde møtt opp. Det er litt lite for å få til bra spel, så dei håper no at fleire vil kome og bli med onsdagane framover.
Men litt spel vart det likevel, da dei spela noko som blir kalla tremeter, og ein ting er i alle fall sikkert, dei som var der hadde det artig!
Da blir alle som har lyst til å spele volleyball oppfordra til å kome til Surnadal idrettshall onsdagskveldane frå 21:00 – 22:30!