Pressemelding frå Surnadal kommune:

Surnadal kommunevåpen

Vinterferieråd frå Surnadal kommune

Vinterferien 2021 står snart for døra. Etter vinterferien i 2020 tok folk uvitande med seg koronaviruset heim frå skiferie i utlandet og sidan har vi fått ein annleis kvardag med undertittel «i desse koronatider». Vi smyg og smett oss forbi kvarandre, og smiler litt rart når vi mesta kjem for nære. Korleis blir vinterferien i år?

Vinterferien 2021 står snart for døra. Etter vinterferien i 2020 tok folk uvitande med seg koronaviruset heim frå skiferie i utlandet og sidan har vi fått ein annleis kvardag med undertittel «i desse koronatider». Vi smyg og smett oss forbi kvarandre, og smiler litt rart når vi mesta kjem for nære. Korleis blir vinterferien i år?

Vi befinn oss akkurat no i ein situasjon med låge nasjonale smittetal og ingen nye smittetilfelle i kommunen. Det er vi alle glade for. Det skuldast ein kombinasjon av stor lokal innsats, strenge nasjonale tiltak og litt flaks. Samtidig skapar meir smittsame virusvariantar store utfordringar i kommunar og omland der desse oppstår.

Kommunane i Møre og Romsdal har fått beskjed om å førebu seg på at vi må rekne med å få utbrot med virusvariantar i løpet av dei neste vekene. Dette håpar vi i det lengste å unngå, da konsekvensane av nødvendige inngripande tiltak kan bli store, og kanskje særleg for barn og unge, som har hatt størst tiltaksbyrde i forhold til eigen risiko gjennom pandemien. Vi er likevel førebudde på eit slikt scenario. Surnadal kommune har, som mange andre kommunar, takka ja til tilbodet om bistand i form av nasjonal forskrift ved utbrot med meir smittsame virusvariantar. Det betyr at det blir nasjonale myndigheiter som bestemmer graden og rekkevidda av tiltak i vår kommune. Dette skuldast at til dels omfattande smittevernvedtak lyt treffast så raskt som muleg samtidig som kommunen skal handtere sjølve utbrotet med omfattande testing, isolasjon, smittesporing og karantenesetting. Handteringa av utbrotet i Nordre Follo viser heldigvis at det er muleg å slå ned slike utbrot med kraftige tiltak.

Dei viktigaste tiltaka for å hindre utbrot med meir smittsame virusvariantar, er dei same som før, å begrense reising og antal nærkontaktar, samt å følgje dei generelle smittevernreglane.

Dette betyr ikkje at vinterferien er avlyst, men at det er ekstra gode grunnar til å ta i bruk alt vi har av flotte lokale løype- og alpintilbod i kommunen og nyte fridagane i nærområdet med venner og familie vi omgås med til dagleg. Surnadal kino køyrer fullt program for både barn og vaksne. Frivilligsentralen melder at det blir ungdomsklubb og utlån av sportsutstyr torsdagen i vinterferieveka. Og så får vi håpe på godt ute-vêr.

For dei som likevel planlegg å reise har vi samanfatta nokre enkle råd under.

Hit eller dit: Enkle reiseråd for vinterferien

Du kan reise på vinterferie til ei eigd eller leigd hytte med dei du er saman med til dagleg. Da er det viktig å først undersøke lokale restriksjonar der du skal feriere og unngå å ta med smitte heim på skule og jobb etter ferien.

Utflytta surnadalingar og studentar har kanskje lyst til å reise heim i vinterferien. Det er ikkje forbode å komme heim, men ein må sjølv vurdere risikoen ved å reise. Køyreregelen er at om du no bur i ein kommune med eit strengare smittevernregime enn dei nasjonale, så følger du dei same strenge reglane når du er i Surnadal på vinterferie. Dette kan for eksempel innebere bruk av munnbind i butikkar, halde avstand til personar i risikogruppe og å unngå å møte andre enn familien din. Denne køyreregelen baserer seg på kloke vinterferieråd frå Espen Nakstad og gjeld fritidsreiser.

Ikkje nøl med å bestille koronatest på c19.no om du trur du kan vere smitta.

Koronavaksineringa går som planlagt og tek ikkje vinterferie. Oppdatert status for vaksineringa ligg på nettsida vår. Sjølv om koronavaksineringa går sakte, så talar mykje for at risikogruppene og mange under 65 år vil vere vaksinerte innan sommaren. Fleire godkjende vaksiner vil komme og gradvis løfte oss ut av pandemisituasjonen. Og sjølv om vi kanskje aldri heilt blir kvitt koronaviruset som blindpassasjer, vil oppdaterte vaksiner dytte viruset ut av førarsetet og lenger og lenger attover i bussen.

Det er god grunn til å håpe at vi har større fridom i vente fram mot sommaren.

I mellomtida ønskjer vi alle ein trygg og god vinterferie.

Beste helsing kommuneleiinga i Surnadal kommune ved ordførar Margrethe Svinvik

Powered by Labrador CMS