Status fra Surnadal kommune søndag ettermiddag:

Kommuneoverlege Bjørn Buan

To nye bekrefta smittetilfelle og fem uavklarte positive hurtigtestar

Publisert Sist oppdatert

Ein familie har sist veke vore i karantene og testa seg med hurtigtestar etter smitteeksponering frå Trondheim. To av dei vaksne har i helga fått bekrefta positiv PCR. I tillegg ventar vi svar på PCR-testar av ytterlegare tre familiemedlemmar. Utover dette har vi ein uavklart positiv hurtigtest hos ei kvinne som har vore i Trondheim og ein uavklart positiv hurtigtest i ein familie som har vore på reise til Oslo.

Vi må nok rekne med fleire positive prøvar framover, men det gode er at når folk er flinke til å teste og isloere seg, så greier vi å halde hjula i gang, samtidig som vi vaksinerar utsette grupper med oppfriskingsdose og fleire med dose 1 og 2.

Når vi melder om smitteutvikling og smittevegar i kommunen, er det ikkje for å skape unødig uro, men for at folk skal vere informerte og kunne ta riktige val for seg og sine i ei tid kor vi lever med meir smitte i samfunnet.

Vi står saman gjennom dette - takk for at du testar deg!

Med vennleg helsing

Kommuneoverlege Bjørn Buan

Powered by Labrador CMS