Surnadal kommune melder:

Status for koronavaksineringa i Surnadal

I alt 252 vaksinedoser skal settast fredag 30. april! Dette blir ny rekord så langt.

Koronavaksinering fredag 30. april

Det kjem fleire doser til Norge i veke 17 enn vi har fått tidlegare, i alt 252 doser. Av desse går 175 til vaksinering med dose 1 og resten til vaksinering med dose 2. Vi vaksinerer framleis kun med vaksinetypen frå BioNTech/Pfizer.

Målgruppe for vaksinering med dose 1 er gruppe 4, alder 65 - 74 år og personar i alder 18 - 64 år med forhøga risiko. Målgruppe for vaksinering med dose 2 er personar i gruppe 3, alder 75 - 84 år.

Viktig å takke ja eller nei

Vi ber om at ein gir tilbakemelding på SMS-innkalling til dose 1 ved å logge seg på c19.no med ID-porten. Dersom ein ikkje har mulegheit til å gi tilbakemelding digitalt, kan ein ringe Vaksinetelefonen: 913 79 001, mån. - fre. kl. 09.00-1500.

Dersom tidspunktet ikkje passar

I c19 kan du endre tidspunkt for vaksinering på same dato, dersom tidspunktet ikkje passar. Det er viktig at ein ikkje avbestiller i c19. Ring Vaksinetelefonen dersom du ikkje kan møte til avtalt dato.

Praktisk informasjon

  • Bruk inngangen du får oppgjeve i SMS-innkallinga når du kjem til Kulturhuset. Det ligg kart over inngang A, B og C på kommunen si nettside for koronavaksinering.
  • Hugs å ta med utfylt eigenerklæringsskjema som du har fått i posten og gyldig legitimasjon. Eigenerklæringsskjemaet og sjekkliste før vaksinering finn du også på kommunen si nettside for koronavaksinering.
  • Ha på munnbind og bruk ermer som er lette å brette opp.

Oppmøtetid på Surnadal Kulturhus: Maks 15 minutt før avtalt tidspunkt.

Vel møtt!

Informasjonen er henta frå Surnadal kommune si heimeside.

Powered by Labrador CMS