Pressemelding frå kommuneoverlege Bjørn Buan:

Kommuneoverlege Bjørn Buan

Nytt smittetilfelle i Surnadal - Har god kontroll på situasjonen

Det er påvist eit nytt smittetilfelle med covid-19 i Surnadal kommune.

Publisert Sist oppdatert

Personen det gjeld er ein utanlandsk gjestearbeidar som nyleg kom til kommunen. Vedkommande var allereie i innreisekarantene og er no isolert. Ein nærkontakt er sett i karantene. Så langt vi veit er det berre tal om ein person som er nærkontakt. Smittevernteamet i kommunen har god kontroll på situasjonen.

Powered by Labrador CMS