To skuletrinn stengt fredag 11.12.:

Nytt koronatilfelle i Surnadal

Det melder Surnadal kommune i ei pressemelding torsdag kveld.

Heile pressemeldinga finn du her.

Kommuneoverlege Bjørn Buan fekk i kveld melding om eit nytt påvist smittetilfelle med covid-19 i Surnadal kommune.

Det dreier seg om ein vaksen person som ikkje er tilsett i Surnadal kommune. Personen er isolert og nærkontaktar er sett i karantene. Under smittesporinga kom det fram informasjon om muleg smittespreiing til skule. Der er det pr. i dag ikkje påvist smitte, men berørte trinn blir stengt inntil kommunen har oversikt over situasjonen. I første omgang fredag 11. desember 2020.

  • For Øye skule gjeld dette elevar og tilsette på 5.trinn.
  • For Surnadal ungdomsskule gjeld dette elevar og tilsette 8.trinn.

For elevane vil det bli fjernundervisning.

Kommunelegen anbefaler også at søsken og foreldre til elevane som går på dei stengde trinna, er heime denne dagen. Det same gjeld for barn og ektefelle/partner til dei tilsette. Dette er eit førevar – tiltak som inneber at dei som blir berørte av stenginga bør forhalde seg tilsvarande karantenevilkår inntil ny beskjed.

Vi vil sende ut ny informasjon i løpet av søndag 13.desember om kva som vil skje vidare.Har de spørsmål, ta kontakt med eigen skule.

Berørte føresette og tilsette er informert. Vi håpar på rask avklaring i løpet av helga og at vi kan gjenopne så tidleg som muleg i neste veke.

Saka vil bli oppdatert, skriver Surnadal kommune i pressemeldinga.

Presisering 11. desember:

Vi gjekk tidlegare ut med ei formulering om at personen som har fått påvist covid-19 ikkje er tilsett i Surnadal kommune. Dette kunne misoppfattast til at personen er tilsett i ein annan kommune. Personen som har fått påvist covid-19 er busett i Surnadal og er tilsett i ei bedrift. Tiltak er iverksett også der.

Powered by Labrador CMS