Koret er utkledd i gammeldagse klær og står og synger foran scenen med folk som sitter langs langbord med kaffe.
P 17-koret

Fin «Sommarsongkveld» i Todalen

Publisert

Onsdag kveld inviterte Prosjekt 17-koret (P 17-koret) til «Sommarsongkveld» i Todalen ungdomshus. P 17-koret er ei samanslutning av Todalskoret, Åsskard kyrkjekor og Bøfjord mannskor, og under «Sommarsongkvelden» var det lagt opp til både kor- og allsong, medan Bernt Bøe akkompagnerte på piano og fortalte litt om songane innimellom.

Vêrgudane varta ikkje opp med sommarvêr, men inne i ungdomshuset fekk dei rundt femti frammøtte to og ein halv time med fin og fengande kor- og allsong, kaffe, kaker og åresal.

Mange folk som sitter langs langbord i Todalen ungdomshus.
Bra med folk på Sommarsongkvelden.

Borghild Betten Talgø ønskte velkommen til Sommarsongkvelden. P 17-koret leia allsongen av Menuett i mai, Edelweiss, Rock my soul og I natt eg drøymde.

Etter litt allsong saman med koret, overtok P 17-koret. Her fekk vi først musikalske minne med songar frå CD-en «Melodi-minne», som koret gav ut i 2014. CD-en inneheld rundt tjue «hits» frå Ønskekonserten sin gullalder, og vi fekk høyre Nordlandsnetter, Måke fortell, Man borde inte sova og The Joy of Love.

Mann og dame i gammeldagse klær som synger solo.
Borghild Betten Talgø og Øystein Moe var solistar.

Etterpå song koret nokre songar frå «Seterkabareten» frå 1999. Her var Borghild Betten Talgø og Øystein Moe solistar.

Etterpå var det pause med sal av kaffe og kaker. Det vart også tid til åresal, og det vart elddåpen på dei årene Gudmund K. Kvendset har laga og gjeve som gåve til ungdomshuset.

Dame som synger foran scene med bilde av fjell og fjord. En båt og en gammel ryggsekk er utstilt bak.
Turid Røen Kroknes song Lascia ch´io pianga.

Etter kaffepausen og åresalet innleia Turid Røen Kroknes siste økta med å synge "Lascia ch'io pianga" av George Frideric Händel, før det vart litt allsong att med songar som We shall overcome og Å Vestland, Vestland.

I P 17-koret sin siste bolk fekk vi høyre songar og forteljingar frå fjordkabareten «Med segl og Wichmann» frå 2010, før koret avslutta bolken sin med «nasjonalsongen» sin, Venner!

Heilt til slutt vart det skikkeleg allsong, når alle frammøtte og koret i lag song Todalssongen, som vart ei fin avslutning på ein fin kor- og allsongkveld i Todalen ungdomshus.

Powered by Labrador CMS