Tre kvinner i penklær står ved siden av hverandre foran alteret og smiler til kameraet
Dei tre som utgjer triOpera: Hedda (frå venstre), Maria og Sigrid.

Vårleg og gripande i Øye kyrkje

TriOpera og organist Oddveig Helset Halle gav oss ein sterk og talande vårkonsert i Øye kyrkje fredag.

Publisert

Trioen består av songarane Maria Moen Nohr og Sigrid Vetleseter Bøe og pianisten Hedda Hansen Berg.

«Haugtussa» - årets påskelektyre!

Sentralt i programmet stod eit fyldig utdrag av Garborgs «Haugtussa» - med velkjend musikk av Edvard Grieg og meir ukjende tonar av Catharinus Elling - pluss deklamasjon av dikt frå samlinga.

Dette vart eit nytt og gripande møte med den synske og visjonære Veslemøy (Haugtussa). Som ei av dei rundt 40 frammøtte sa etterpå: - «Haugtussa» blir min påskelektyre i år!

Mykje vakkert

Som far til den eine av solistane vil eg ikkje bedømme dei vokale prestasjonane. Men her var mykje vakkert, eksempelvis operaduettane og den folketoneprega «Kulokk». (Den kua må ha lika det ho høyrde!)

En kvinne i rosa kjole synger
Sigrid er glad i Grieg og song blant anna «Våren», «Blåbær-li», «Kulokk» og «Jeg elsker dig».

Sterkt gripande var Halvdan Sivertsens vise om korleis tiåringen Tom opplever ein vanskeleg heim. Like eins dei to voggesongane «For arbeidarmødre» av Berthold Brecht og Hanns Eisler.

En kvinne i rosa kjole med blomster holder hendene foran seg og synger
Maria greip forsamlinga med «Tom snart ti», «Für Arbeitermütter» og Haugtussa-songar av Elling.

Oddveig og Hedda

Orgelsolist Oddveig gav eit vårlyst og velklingande intermesso med «Largo» frå Antonio Vivaldis konsert for piccolofløyte og orkester.

Under heile konserten leverte Hedda lydhørt og teknisk ypperleg tonefølgje på klavertangentane. Som solo spela ho «Aften paa Høifjeldet» av Grieg.

3 bilder ved siden av hverandre av menn i sort-hvitt.
Desse skildrar Veslemøy (Haugtussa): Edvard Grieg (frå venstre), Arne Garborg og Catharinus Elling.
Powered by Labrador CMS