ANNONSE: Surnadal Kommune

Mylius, Gafseth og Johansen har spelt saman i eit par mannsaldre og vann trøndersk meisterskap i rock heilt tilbake i 1967. Og dei er framleis like musikalske – og blide.

Travellin’ til Surnadal

Konsert i Surnadal Kulturhus 15.desember

Jula nærmar seg så mykje at Gjertrud har begynt å leite etter den store kassa med julepynt – og ikkje minst mistelteinen ho vil stille seg under før ho ropar på Olaf. Og det er heller ikkje tvil om at «it’s hard to be a nissemann» no. Det kan difor gjera seg med eit pusterom i julestria «and glæm the trouble» for ei lita stund.

Og Travellin’ Strawberries vil no tilby alle her på Indre Nordmøre dette (musikalske) pusterommet. Ja, det er dei tre frå «The Julekalender»: Tore Johansen, Erling Mylius og Ivar Gafseth – alle med bakgrunn frå den legendariske trøndske supergruppa Difference.

Tore Johansen har vore gjesteartist før i kulturhuset, og kanskje tek han glansnummeret «O helga natt» også denne kvelden. 

Elles blir konserten i Surnadal kulturhus fredag 15. desember ein herleg mix av «The Julekalender», Beatles, godt humør – og sikkert noko lealaus ansiktsmimikk frå Olaf Sand...

Powered by Labrador CMS