Koret P17 inviterer:

Flere personer i kostymer på en scene.
Romantikk ligg i lufta når seterjenta Borghild syng duett med friaren - for høvet Øystein Moe.

Allsong og kor i Todalen

Onsdag 12. juni inviterer koret Prosjekt 17 til songkveld i Todalen Ungdomshus.

Publisert Sist oppdatert

Velkjend allsong fyller mykje av programmet. - Vi veit at folk likar å synge. Her blir det rikeleg høve til å stemme i! seier koristane idet dei finpussar programmet. 

Skulesongar og viser fyller allsongarket. Og sjølsagt hører «Todalssongen» med!

Ei dame og to menn som sitter i en sofa og leser papirer.
Her tek Ann Magret Botten, Per Arne Hyldbakk og Arne G. Fiske ein siste sjekk på slageren «Hvite måke». Hefta med kabaretane «Med segl og Wichmann» og «Seterkabaret» inneheld heilaftans forestillingar. Men no berre utdrag.

«Melodiminne» og kabaret-utdrag

Koret P17 gir smakebitar frå plata «Melodiminne», som dei gav ut for nokre år sia - gjenhør med slagerar frå Ønskekonsertens dagar.

Dessutan gir dei utdrag frå sin «Seterkabaret» der dei syng om både høykjøring og seterromantikk. Tre todalske folkemelodiar - «Stigelin», «Kattå og musa» og «Grautmarsjen» er inkludert.

Utdrag frå heilaftans kabaretar

Det ber også til sjøs. Frå fjordakabareten «Med segl og Wichmann» hører vi levd liv heime og ombord - «Kjerringshanty», «Sildsjau» og meir til. Begge dei nemnte kabaretane er opprinneleg heilaftans forestillingar med lokalt kulturstoff.

Et mannskor.
Kabareten «Med segl opg Wichmann» fortel om sjøfolk frå Bøfjorden – her mannsgruppa i P17.

Aktivt kor

Koret P17 deltek ofte i kyrkjer og forsamlingshus og har denne våren blant anna hatt Påskesongmesse i Åsskard og Vårsongfest i Bøfjorden. Etter onsdagens Sommarsongkveld i Todalen gjenstår Jonsvaka i Åsskard 21. juni - som vårens finale.

Mange personer som sitter rundt to bord.
Prosjekt 17 i kaffepausen mellom kabaret og viseøving på Kyrkjelydshuset i Surnadal.

Song, kaffe og utlodning

Men først altså: Onsdagskvelden i sommarsongens tegn! Dette er også eit inntektsbringande tiltak for arrangøren. Folk får kjøpt seg kaffe med mykje godt attåt. Og utlodninga har mange gevinstar å by på. 

ANNONSE:

Powered by Labrador CMS