Stangvikfestivalen 2022

Duo Stemma med Herdís Anna Jónsdóttir og Steef van Ossterhout

- Vi har mange rare instrument, og vi skal spele på alle!

Laurdag ettermiddag var det barnekonsert i Bonhuset. Den islandske duoen "Duo Stemma" med Herdís Anna Jónsdóttir og Steef van Ossterhout laga eit forrykande show for både barn og vaksne.

Publisert

Duoen frå Island hadde med seg mange slags instrument, eit heilt bord fullt av kjente og meir ukjente instrument. Det var steinar og bein og rare boksar.

Før kvar song forklarte Herdís kva han handla om. Det var songar om blant anna ramnen, heiloa, våren og om alvedronninga.

Herdís og Steef hadde publikum i si hule hand frå dei kom på scena til dei for derifrå. Barn og vaksne sat trollbundne og høyrde på dei nydeleg islandske folketonane. At vi ikkje forsto språket ho song på gjorde ingenting, gjennom eit fantastisk kroppsspråk synte Herdís oss orda og kjenslene ho song om.

Islendingane trollbatt store og små
Duoen fekk med seg publikum til å både synge og halde rytmen
Ein kjeve til ein hest kan brukast til instrument, ikkje sant?

Steef bruka mange slags instrument til å etterlikne alle slags dyrelydar og stemningar, vi fekk til og med høyre korleis ryggen til Herdís knaka da ho sto opp om morgonen.

Ei flott oppleving for store og små!

Powered by Labrador CMS