Tordenskjold Songlag skapte god stemning
Torsdag kveld inviterte Tordenskjold Songlag til «rosa konsert» i Todalen ungdomshus. Konserten hadde ein rosa tråd, der alle songane denne kvelden handla om kjærleik på ein eller annan måte.
På repertoaret stod songar av mellom andre Pink Floyd, Sting, Elton John, Vamp, Bob Dylan og The Beatles.
Dirigent Elin Persson saman med koret og vener gav publikum ein fin songkveld, der ein mange gonger rett og slett fekk lyst til å synge med. Carla van Buggenum song, Grete Ingunn Krogstadnes hadde solonummer medan Per Jarle Riksheim og Jens Settemsdal var med på eit par duettar.
Hedda Hansen Berg på piano, Tore Settemsdal på gitar og Per Jarle Riksheim med sitt munnspel, gjorde dette til ein verkeleg fin og stemningsfull konsertkveld.
Den «rosa konserten» tok til med «Nøringen» og fortsette før pausen med «Bruramarsj frå Lødingen», «Mitt hjerte er ditt», «Kärleksvals», «Det vakraste» «Fänga mig vind», «Will you love me tomorrow», «Elisabeth og Elinborg», «Tir n’a noir», «Gressholmen», «Aks av gull» og «Fordi eg elskar deg».
I pauses var det salg av kaffe, påsmurt og kaker. Det var også salg av lodd med fine premiar til dei heldige vinnarane.
Etter pausen fekk vi høyre «I will», «If I fell in love with you», «Bright eyes», «If I needed you», «Wish you were here», «Shallow», «Always remember us this way», «Can you feel the love tonight», «Always on my mind» og «Never be anyoune else».
Neste veke er det Bæverhall som får besøk av Tordenskjold Songlag og «rosa konsert». Torsdagens publikum vil nok anbefale folk å ta turen dit!