Kor og orkester etter konserten i ei fullsett Åsskard kyrkje. Musikarane frå venstre: Trond Harald Saltnes, Odd Sonntag, Synnøve Hammervold, Jasmina Zivic, Ebba Ringmar, Anna Ostachowska og Zhala Aliyeva Einarsen.

Takk for tonande fellesskap

Konsertane i Todalen og Åsskard kyrkje søndag var både innleiing til advent og markering av lokalt kormiljø i 50 år.

Publisert

Noverande Prosjekt 17 er oppfølgjaren av Åsskard Kyrkjekor sitt samarbeid med fleire grupper frå oppstarten i 1975. Og kva er betre enn advents- og juletonar til eit slikt jubileumsprogram.

At songtalentet Ellen Fiske med dyktige Johanne Holten ved pianoet opna konserten i Åsskard med innslag av stilmessig fornying, føydde seg fint inn i eit slikt konsept.

Ellen Svendsen Fiske (song) og Johanne Holten (piano) framførte «Nordnorsk Julesalme» og «Grown-Up Christmas List»

Musikk som inspirerer

Alle songkor finn inspirasjon i julemusikken. Som leiar for Prosjekt 17 føler eg stor glede og kjenner ansvar for å takke etter ei konserthelg som viser resultat av fin musikalitet og stor øvingsinnsats av dei 18 songarane. Takken gjeld også alle som møtte fram og deltok på sin måte!

På dei to godt besøkte konsertane formidla koret - saman med sitt «faste» orkester - eit breitt og representativt program julemusikk.

Eyvind Alnæs’ «Julemotett» er ein klassikar ved konsertar og julegudstenester i over hundre år. Rørande å tenke på at komponisten døde ein julaftan – samtidig som denne vart sungen landet rundt. Turid Røen Kroknes og Nora Bøe var P17 sine solistar i denne.

Lokalt og fellesnasjonalt

Likesom P17 sitt faste «juleorkester» har musikarar frå 5 ulike land, eig vi julemusikk frå heile verda.

Engelsk, tysk, østerriksk, dansk, svensk, finsk og norsk frå folketonar til Oslo-gospel utgjorde søndagens korprogram – deriblant «Nordnorsk julesalme» (Ellen og Johanne), Tegnérs «Betlehems stjãrna», «Julverset» frå Stangvik og «Julvisa» av Topelius og Sibelius.

I sistnemnte – som i alt juleprogram – er ønsket om «fred» overordna det materielle: «Giv mig ej glans, ej guld, ei prakt i signad juletid. Giv mig Guds ära, änglavakt och över jorden frid.»

Ein arie («Bered deg») og koral («Hvorledes») frå Bachs Juleoratorium vart framført av alt-solist Turid, orkesteret og koret.

Kantate over juleevangeliet

Eit halvtimes større verk, Arne Dagsviks kantate «I denne søte juletid», tolkar heile julebodskapen i vakre, rørande og fulltonande avsnitt for kor, orkester og solistar (Nora Bøe, Øystein Moe). Når den siste av 12 satsar proklamerer «Nå er det fred på jorden», er det som trua og håpets sin protest mot vondskapen i verda rundt oss.

Og kva er da betre enn «Deilig er jorden» - med sluttlinjene «Fred over jorden, menneske, fryd deg! Oss er en evig Frelser født!»

Allsongane i programmet er fellesskapets uttrykk. Tek nokon frå oss julemusikken, sit vi tagale att!

Difor: Takk til alle som igjen var med og løfta fram det store vi samlast om i høgtida som kjem!

Powered by Labrador CMS